– Får servert verdsklassemusikk på eit sølvfat

Det er ikkje kvar dag at musikarar som Wolfgang Plagge, James Gilchrist og Mathias Halvorsen spelar gratiskonsert midt på dagen i Ørsta.
Kultur

Onsdag skjedde det På Fri Svendsen i Ørsta. Bakgrunnen er at Sunnmøre Kammermusikkfestival er godt i gang. Gjennom veka er det foredrag, undervisning for unge og lovande musikalske talent og konsert på Søre Sunnmøre. I fjor prøvde festivalen ut gratis lunsjkonsert i Volda, og i år fekk også Ørsta eit kulturelt og musikalsk drypp.