Kongen tok imot nynorskriddaren

Avtroppande direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, var måndag på audiens hjå kongen på Slottet.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum var måndag 3. september på audiens hjå kongen på Slottet.   Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Kultur

Grepstad blei tidlegare i sommar Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Tildelinga av ordenen skjedde under Dei nynorske festspela i Hovdebygda i juni. No var tida kommen for ein audiens med kong Harald i Oslo.

Det var ein godt nøgd Ottar Grepstad som hadde teke turen eins ærend til hovudstaden for audiensen.

– Me snakka om språk, verdshistorie og løysing av kulturelle konfliktar utan vald, som er eit prosjekt eg skal inn i no, seier han etter møtet.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum var måndag 3. september på audiens hjå kongen på Slottet.   Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Direktøren for Nynorsk kultursentrum er takksam for høvet til å fortelje om kva dei held på med, og om korleis dei hadde tenkt om oppbygginga av institusjonen.

– Når me no skal feire 25 års jubileum i Nynorsk kultursentrum om ein månad er det mange som har gjort ein enorm jobb med å få til ting. Det snakka me litt om, fortel Grepstad.

– Så fortalde eg om dei gongane kongefamilien har vore i Aasentunet. Men eg gløymde å nemna at den sitjande monarken aldri har vore der, seier han lattermild og legg til at det er litt rart å fortelje ein så aktiv konge at han sjølv skal gi seg.

1. november går Ottar Grepstad av med pensjon. Per Magnus Sandsmark tek over som direktør i Nynorsk kultursentrum.