Det sa vokalist og frontfigur i Dalsbø, Håvard Dalsbø, då dei stod på scena under AnkerLive i Ørsta fredag kveld. AnkerLive var første del av Ankerfestival som blir arrangert i eit samarbeid mellom Musikk i sentrum og Ørsta småbåtlag. Med god temperatur i lufta og berre nokre lette regndropar låg alt til rette for ein kjekke kveld under den første festivaldagen. På scena stod lokale band med tilknyting til både Volda og Ørsta. Vestvind sparka festivalen i gang.

Vestavind var første band på scena under AnkerLive. Foto: Joachim Åsebø

Cold Island, som hadde med seg Mathea Lødemel som vokalist på nokre songar, heldt fram med sin stemningsfulle rock.

Cold Island hadde med seg Mathea Lødemel som gjestevokalist på nokre songar. Foto: Joachim Åsebø

Dalsbø tok over då klokka bikka midnatt med sin countrymusikk før DJ Danny avslutta den første festivaldagen. Med eit breitt spekter var det musikk for kvar ein smak.

Sjølv om det var god plass inne på festivalområdet var det ingenting å seie på stemninga. Tre av dei som hadde teke turen til Ørsta fredag var Ole Johnny Aasen frå Volda saman med kameratane Lars Petter Ulstein og Gard Eikrem frå Ulsteinvik.

– Eg diggar dette. Frå før kjenner eg godt til musikken som dei lokale banda lagar og eg likar det veldig godt, seier Aasen.

Ole Johnny Aasen, Lars Petter Ulstein og Gard Eikrem kosa seg under AnkerLive, men skulle gjerne sett at fleire hadde teke turen. Foto: Joachim Åsebø

For kameratane var årets besøk det første møtet med AnkerFestival. Dei likar konseptet, men skulle ønske at fleire hadde teke turen.

– Eg likar musikken veldig godt, men her skulle ha vore litt meir folk, seier Ulstein.

– Eg tykkjer det er imponerande at når Ørsta har mista sin siste utestad at ikkje fleire tek turen ut når det faktisk skjer noko, seier Aasen.

Ankerfestival hadde tøff konkurranse på kulturfronten denne helga med Jugendfest i Ålesund og Fadderveka i Volda. Musikk i sentrum som stod for programmet under AnkerLive fredag var nøgde med at dei frammøtte og banda hadde ei god oppleving.

– Det var veldig god stemning blant dei som hadde teke turen. Publikum som var der og banda sjølve var veldig godt nøgde, og det var hovudmålet vårt, seier Hans Robert Bondhus i Musikk i sentrum.

Tidspunktet for Ankerfestival var nytt i år.

– I fjor arrangerte vi det to helger tidlegare. At det var mykje som skjedde denne helga har sjølvsagt noko å seie for talet på besøkande, men vi har på ingen måte fått skrekken.

Laurdag kveld er det AnkerDans der Volda-bandet Cinnamon City og Listen to the Band speler.