«Eg skal aldri slutte i korps». Overhøyrt av små aspirantøyrer frå ein av dei meir erfarne korpsmusikantane på tur i Skottland. Det seier det meste.

Eit reisefølge på 55 møtte opp med koffertar, instrument, notestativ, drillstavar og store forventingar på Vigra, fredag førre veke. Det er kanskje i slike augneblinkar at bassistar og trommeslagarar drøymer om ei piccolofløyte å legge i handbagasjen, men med 55 par hender til å bære, er det ingen kunst å kome seg om bord i flyet. Det er slik det er med korps. Om du er sju eller atten år. Alle er med. Pluss nokre heldige foreldre som er med på laget, på ein tur spekka av opplevingar, og med stødig leiing frå reiseleiar Jay.

Pust i bakken: Ved The National Monument på ei av dei sju høgdene i Edinburgh. F.v. Erik Vassli Hansen, Dagfinn Hovdenakk, Ivar Vassli Hansen, Daniel Brungot Sørheim og Magne Stokken.

Edinburgh er hovudstaden i Skottland, med nær 500.000 innbyggjarar. Men nokre veker i august kan du tredoble dette talet. Hovudgrunnen: The Royal Edinburgh Military Tattoo, også kalla «The World’s Greatest Show». Ei årviss framsyning av det beste ein korpsmusikant kan tenke seg, militærband frå heile verda, i verdsklasse, som spelar, drillar, dansar og held show. Dette var hovudmålet med turen, og det svarte til forventningane og vel så det. Som eine tiåringen sa etter showet: «Dette er mitt mål. Her skal eg spele!» Snakk om inspirasjon! Med Edinburgh Castle som kulissar. Det var både trolsk og magisk på same tid.

Stor oppleving: The Royal Edinburgh Military Tattoo gjorde sterkt inntrykk.

Ikkje anna vente at forfattaren J.K. Rowling har brukt byen som inspirasjon til å skrive om Harry Potter. Her stod høgdepunkta i kø for unge korpsmusikantar. Kafeen der ho skreiv bøkene. Eit besøk til skulen som i filmane er brukt som utgangspunkt for magiskulen Galtvort, der elevane lærer hekseri og trolldom. Køyring og spasering i gatene og vegane som er med i filmane. Og sjølvsagt alle butikkane som sel Harry Potter-effektar. Her snakkar vi overvekt i koffertane på flyet heim.

Konsert: Hovden og Ørsta skulekorps utanfor Dynamic Earth i Edinburgh.

Sightseeing er obligatorisk. Men når guiden i ekstase fortel om den fortryllande elva «Water of Leith» som renn gjennom byen, kan natur-vekkskjemde sunnmøringar trekke på skuldrane og humre litt for seg sjølv. Men byen har meir å by på. Det er som å ta ein tur tilbake i tid. Både den gamle og den nye delen av byen har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1995. Det er umogleg å sjå seg mett på bygningar og tårn og borger.

Bobby: Per Steinnes tek Greyfriars Bobby på snuten. Det betyr lykke. Statuen er etter Bobby, som kvar dag i 14 år, sat på grava til herren sin, John Grey, etter at han døydde då Bobby var berre to år, i 1858.

Det skal noko til å rekke over ein storby på fem dagar, der to av dagane går vekk i reising. Men Hovden og Ørsta skulekorps sine eminente turplanleggarar hadde like godt lagt inn ein liten tur til England også. Halvannan time frå Edinburgh ligg øya «Holy Island», eller Lindisfarne. Dette er ei øy som berre har tilgjengeleg bilveg til øya ved lågvatn. Her var det strenge formaningar om å vere presis tilbake til bussen, så vi ikkje enda opp med bussen full av vatn på veg tilbake. Det gjekk som smurt. Men rykta seier at høgvatnet har mange bilmotorar på samvitet. Øya har berre vel 160 fastbuande, eit slott, ruinane etter eit kloster, ei kyrkje og eit mangfald av fugleliv. Her heldt korpset konsert, og gav nok eit betre inntrykk av nordmenn, enn det som var då vikingane gjekk i land på øya i 793. Ei sjeldan oppleving å køyre i lågvatn hit. Turen vart premiert med engelsk fudge til musikantane, frå begeistra øybuarar.

Sekkepipe: Ylva Torine Thon gjorde ei skikkeleg investering i Skottland, og kjøpte seg sekkepipe. Men truleg er det framleis kornetten som vert å høyre i korpssamanheng.

Speling er obligatorisk når eit korps er på tur. I løpet av dei tre dagane vi var i Edinburgh, heldt korpset med drillarar to konsertar. I tillegg til konserten på Lindisfarne, stod korpset også for underhaldninga til alle som besøkte «Dynamic Earth», eit vide kjent senter som fortel om korleis universet vart til, og historia til jorda, korleis dei ulike verdsdelane vart til, og ei reise gjennom utviklinga av livet på jorda.

Holy Island: Pernille Aag Liadal, Olivia Rognstad, Andrine Falch og Julie Rognstad ved klosterruinane på Holy Island, Lindisfarne.

Her var det både lunsj (servert med pommes frites som alltid – det vert nok 2019 før dette hamnar på matbordet igjen) og rundtur for alle.

Og inn i mellom alt, og til stor glede for dei fleste: Tid til shopping. Det ryktast at minst to musikantar returnerte frå Skottland med sekkepike i kofferten. Rykta er stadfesta og også meget sikre, etter observasjonar av øving på hotellet i Edinburgh. Om dette vert fast instrument i skulekorpset framover, er derimot uvisst.

I Edinburgh: Hanna Ingebrigtsen, Synnøve Foldal Vatne og Jenny Halsen i Edinburgh.

Stor takk til alle som har gjort turen mogleg. Stor takk til alle som var med. Og stor takk til de som stod bak planlegginga. Dette var magisk!