Adam Douglas storkosa seg i Hjørundfjorden

– Nydelege menneske som skaper ein bluesfestival frå hjartet

– Trandal er heime for meg. Det er her eg finn den beste gjengen!

Heimebane: Adam Douglas føler seg heime på Trandal. Og gjengen bak Trandalblues føler Douglas er som eit familiemedlem. F.v. Terje Myklebust, Adam Douglas, Kyrre Grimstad og Kjell Rune Klubbenes.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

Det var smekkfullt på Christian Gaard fredag då ein av dei mest etterspurde artistane i landet, Adam Douglas, stod på scena under Trandalblues.

Saman med blues/soulbandet High Red, denne gongen med utvida blåsarrekkje, leverte 37-åringen ein konsert som fekk det til å koke mellom publikum. Folk dansa, også på tribunen, av amerikanaren sine vokale prestasjonar. Og etterpå var det ein svært nøgd og glad Adam Douglas vi møtte.