I fjor vart 10-årsjubileet til Trandalblues feira tre dagar til ende, og i år er det duka for ein ny folkefest i den vesle bygda mellom fjella i Hjørundfjorden. Tradisjonen tru vert Trandalblues arrangert den første helga i juli. I år er tilbake til todagarsfestival, men som tidlegare år er det eit sterkt program Bratt og Blått presenterer. Silo, Amund Maarud, Adam Douglas og Stacie Collins skal alle på scena fredag 6. juli og laurdag spelar The Red Rooster Blues Band, Reidar Larsen, Mike Andersen, The Welch Ledbetter Connection og Peer Gynt Band.

– Då vi starta Trandalblues sa at vi at dette var ein festival for musikarar, men dette har utvikla seg. Publikum får garantert topp kvalitet, og det vil alltid vere musikalske overraskingar både med kjende og ukjende namn. Lista for å få kome til Trandal og spele ligg høgt, og vi får hundrevis av førespurnader frå band og artistar, både norske og utanlandske, seier Arne Moe.

Med dei ni banda som spele på scena til Christian Gaard og i løa på Trandal vil det totale talet på band som spelt under festivalen ha passert sytti.

– Vi brukar vår eiga magekjensle når vi plukkar ut dei som kjem hit, og det har fungert, seier Kyrre Grimstad.

Bratt og Blått er veldig stolte over at The Welch Ledbetter Connection kjem til festivalen. Bandet oppnådde heile sju nominasjonar til USA sin mest prestisjetunge bluespris, Blues Music Awards 2018, og vann prisen for det beste bluesbandet.

The Welch Ledbetter Connection: Bratt og Blått er kry over at amerikanske The Welch Ledbetter Connection står på scena under Trandalblues.

– Dette er eit knallband som har to spelejobbar i Noreg denne sommaren. Den eine er på Trandal, og det er vi kry av. Det er kanskje det heitaste bandet på blueshimmelen denne sommaren. Dei spelar Chicago-blues med røter tilbake til dei gamle bluesgutane, i tillegg har dei ein heilt fantastisk vokalist, seier Terje Myklebust.

Tilbake til Trandal

Adam Douglas har vore på Trandal før, men rydda plass i kalenderen då han fekk vite at han var ønska tilbake.

– Det er eit scoop for oss å få han tilbake i år. I si tid var Adam med å bygge opp Trandalblues, men karrieremessig har han teke av. Som einaste gong i år, og eksklusivt for Trandal, kjem han med soul- og funkbandet sitt med full blåsarrekkje. Det passar profilen vår midt i blinken, seier arrangørane.

Tilbake til Trandal: Adam Douglas spelar under Trandalblues fredag.

Medan større festivalar har vatna ut musikkprofilen sin med åra held Trandalblues fast ved bluesmusikken.

– Vi har alt frå bluesrock via Chicago-blues og inn i honky-tonk-land. Vi legger vekt på at det skal vere breidde, og vi prøver å halde på ein klar profil mot blåtonane.

Det er heller ikkje tvil om publikum vil ha det Trandalblues tilbyr.

– Interessa når stadig nye høgder. I fjor toppa det seg med jubileet. Då vart det publikumsrekord med festival i tre dagar. Ser vi vekk frå torsdagen i fjor så har førehandssalet av billettar bikka fjoråret, seier Moe.

Trandalblues har fått mykje ekstra merksemd gjennom Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

– Det var flaks for oss at dei filma under festivalen i fjor og det er mange som har bite seg merke i.

I fjor vart det bygd ut tribune som har gitt betre kapasitet ved Christian Gaard. I år har det kome ytterlegare forbetringar, i tillegg til ny flytebrygge. The Fjords skal frakte publikum frå Ålesund, men dei vil ta ein tur til Sæbø for å få folk heim att om natta.

Årets t-skjorter har også kome på plass før festivalstart. Egil Olsen står for designen, der mellom anna hatten som Knut Reiersrud hadde på seg under festivalen i fjor er å finne att.

Frå Danmar ktil Trandal: Mike Andersen kjem til Trandal.