Grunngiving med utgangspunkt i retningsliner for kulturprisen, referert frå heimesidene til Volda kommune:

- Årets kulturprismottakar er og har vore ein svært sentral person i musikklivet i Volda, med «lang og tru teneste» sidan tidleg åttital. Han er ein mangfaldig kulturperson, som har bidrege til å utfordre, løfte og utvikle musikkopplevingar, både gjennom song-og musikkutøving og gjennom konsertopplevingar for publikum, både vaksne og born.Prismottakar har motteke prisar langt utover Volda sine grenser, mellom anna fekk han «Europäischer Komponistenpreis» under arrangementet Europäische Musik Sommer Berlinog Arne Nordheims komponistpris i 2009.

- I 2013 var han festspelkunstnar for dei Nynorske festspela. Lista over komposisjonar er omfattande. Med Volda kommune sin kulturpris ynskjer vi særleg å gi heider for innsatsen lokalt og for å ha sterkt medverka til Volda sin kulturkommunestatus utad. Prismottakar har gjennom åra hatt eit stort hjarte for kulturen sine vilkår i Volda. I tillegg til å ha dirigert ei rekke kor, og stått føre musikalske oppsetjingar både for born og vaksne, har han vore svært engasjert i å få på plass gode lokalitetar for kulturopplevingar, no i seinare år gjennom å gjere Propellhallen til storstove for konsertar. Under Dei Nynorske Festspela i år har heile Volda late seg begeistre og bevege av storverket Kimen, med kor, orkester og solistar, nettopp komponert av årets kulturprismottakar.