Dei nynorske festspela vart avslutta på tradisjonelt vis i Ivar Aasen-tunet søndag, med Aasen-stemne. Stemnetalar Frode Grytten slo eit slag for periferien, medkjensle og menneskeverd.

- Vi kjem frå havet. Frå rullings og kaffi, frå gulmåla hus under ein himmel som snart skal skye over. Frå strev og slit, frå vintermørke. Vi er bønder og fiskarar. Vi kjem frå morgonen som gryr, frå dagar som er tapte og funne, frå netter som ligg bada i norsk sommarlys. Vi kom frå havet og vi styrte mot land, mot utelysa som kasta heimleg glød over ytterdøra. Vi gjekk inn, la oss til å sove, så stod vi opp, åt frukost og starta bilmotorane. Vi køyrte mot aust og mot vest og mot sør. Og vi fann Thunder road. Vi kom frå havet, men vi vart noko anna. Vi endra oss så raskt at vi ikkje oppdaga det sjølve. Kva skjedde?

Mange tok turen til Aasen-stemnet for å få med seg stemnetalar Frode Grytten. Foto: Janne-Marit Myklebust

Grytten snakka om eigen oppvekst. Om faren som skulle bli fiskar og seinare bonde. Men som ikkje ville. Som ikkje orka. Han jobba på møbelfabrikk og møbelbutikk.

- Møblar har sjel, sa far min.

- No les eg at nordmenn er blant dei mest stillesitjande menneska på kloden. Helsedirektoratet slår alarm. Vi sit for mykje nedpå. Vi ligg for mykje. Eg tenkjer at det er far min sin feil. Han via sitt liv for å gi nordmenn stressless, chesterfield og vasseng. Der vart dei sitjande. Kva skjedde?

Grytten teikna eit samfunn som aldri vert metta. Der alt skal bli større og flottare og betre. Alt. Frå profilbildet til garasjen, til hytta, respekten, ulikheitene, mangfaldet, rumpa, munnen. Alt.

- Alt må bli større. Men her er det eg har kome for å seie. Det finst aldri berre ein veg. Vi vert fortalt at vi må henge med og halse etter. Men det finst fleire veger. På sidevegene handlar det om at vi ikkje godtek alt mogleg. Politikk handlar ikkje om kva ein elite måtte meine, eller kva sentrum måtte meine at periferien skal gjere eller utføre. Politikk handlar om kva den store majoriteten i eit samfunn aksepterer.

Grytten kom med ein spådom, eller ei von for periferien.

- Vi vil få ein oppsving for periferien. Vi kan kalle det periferiens comeback. Kvifor? Jau. Det handlar om identitet, om røter, om barduner. Heime. Alle har ansvaret for miljøet vi bur i. Eit samfunn er ikkje bygd av andre folk andre stader, av eliten med europeiske visjonar, eller av globale gründertankar eller ein snedig marknadsplan. Forskarar har funne ut at det perfekte tal på menneske, for at eit samfunn skal fungere optimalt, er 324 personar. Vert det fleire bryt det sosiale nettverket saman. Vert det færre vert gruppa for intens og fragmentert. Periferien vil ta over på sikt.

Aasen-stemnet i Ivar Aasen-tunet. Foto: Janne-Marit Myklebust

- Om vi elskar, elskar vi der vi er. Ikkje ein annan stad. Ikkje vest for sol og aust for måne. Vi elskar der vi er. Det betyr ikkje at vi ikkje har ansvar for dei som finst andre stader eller at vi ikkje skal finne ut kva dei gjer. Korleis andre lever. Tvert om. Det er vår plikt å gjere som menneske og medmenneske. Å vite, handle og å bygge ned murar heller enn å bygge murar. Å bidra slik at andre slepp å måtte forsere murar i desperate forsøk på å leve verdige liv.

Grytten la ikkje skjul på kva han meiner om mykje av det som speglar seg i politikken i dag.

- Vi skal hjelpe folk i deira nærområde messar dagens elite i sitt klønete forsøk på å la vere å forplikte seg. Forsøke å snu seg vekk, ikkje heilt vite, eller handle eller sjå den verda som straffar dei som ikkje er mobile så nådelaust. Denne jakta på norske verdiar og identitet, og utbasunering om at du kan ha norsk pass, men likevel ikkje vere norsk i hjartet, er ein pinleg dekkoperasjon for å stenge grenser, halde folk ute, halde folk i fattigdom og halde dei nede. Krigar, konfliktar og klasseskilje vert ikkje løyste på slagmarka, i forsvardepartementet, på talarstolar eller på passkontoret. Det løysast ved å sjå seg sjølv i spegelen. Når vi elskar, elskar vi der vi er. Då elskar vi dei vi bur saman med. Vegen ut er endelaus. Vegen ut stansar aldri. Men snur du bilen på Thunder road og vender heim, er vegen alt anna enn endelaus. Då vil du før eller seinare hamne i ei gate, i eit hus, i eit rom. I det rommet som alltid vil vere ditt rom. Det første rommet. Det rommet vi kjem frå.

På festspela: Linda Eide, Gaute Øvereng, Marit Eikemo, Olav Opsvik og Ottar Grepstad. Foto: Janne-Marit Myklebust
Susanne Lundeng og Bjørn Andor Drage avslutta Aasen-stemnet med stemningsfull musikk. Foto: Janne-Marit Myklebust