– Sporten er leik med språk, sa Harald Thingnes då han tok imot prisen under Dei nynorske festspela.

Vi kjenner han frå NRK sporten som den humørfylte sportsjournalisten som alltid har ein liten ekstra vri på reportasjane sine. Han har formidla idrettsglede og – prestasjonar frå dei fleste delar av verda på klingane sunnfjorddialekt.

Fredag hadde han tatt med seg heile storfamilien – og fleire til – til Aasentunet i Hovdebygda for å ta imot prisen som Årets nynorskjournalist. I sunnfjordbunad, sjølvsagt.

Harald Thingnes hadde med seg heile familien til Aasentunet fredag. I tillegg ville han ha med leiaren for juryen, som også er sunnfjording, Solveig Barstad. Frå høgre: Aslaug Thingnes Bø, Ola Dag Thingnes, kona Cathrine Torsvik Thingnes, Dagrunn Thingnes, Solveig Barstad, Harald Thingnes, Klemet Bø og mor Magny Thingnes. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Held seg utanfor boksen

– Det er nok alvor i verda, det må vere lov å smile litt i sporten, underheldt han med å fortelje publikum.

Han fortalde at han i arbeidet som sportsjournalist prøver å ikkje hamne i «boksen», men at han prøver å tenkje kreativt og annleis når han er på jobb. I det legg han også å ikkje alltid vere så godt førebudd, men at han leitar seg fram til dei gode historiene og effektane undervegs.

Den litt utradisjonelle stilen har han fått mykje merksemd for, også av juryen som valde han ut mellom mange aktuelle kandidatar.

– Eg er spesielt glad for at juryen har merkt seg dette med at eg prøver å kople ord og bilete, måtte han medgi.

For i grunngjevinga frå juryen, står mellom anna dette: Orda og bileta til Thingnes smeltar mange gonger saman til rein forteljekunst, og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte, meiner juryen.

Og i godt humør blei også publikum i salen i Aasentunet under utdelinga. Thingnes drog publikum med seg i forteljinga om både barndom og artige påfunn i NRK sporten oppgjennom.

Inhabil, ukritisk onkel

I samtale med Solveig Barstad, programleiar i TV 2 og leiar for juryen som på oppdrag av Kulturdepartementet har kåra Thingnes til årets nynorskjournalist, blei han både rørt og personleg då han fortalde om sin einaste inhabilitet som sportsanker; onkelbarna Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

– Eg har alltid vore veldig glad i å kommentere skiskyting. Eg fekk så vidt vere med på det i starten, men i 2009 erklærte eg meg sjølv som klart inhabil. Og då Tarjei fekk tildelt eine stafettetappen i OL i Vancouver i 2010, og vann med stafettlaget … ja det overgår alt! Kunne han engasjert fortelje. Eg lo, eg gret, eg blei heilt rabiat!

For då fadderbarnet Tarjei kom over målstreken greidde han ikkje å halde tilbake kjenslene. – Då var det null kritisk journalistikk frå mi side! At den kjensla var heilt spesiell, var heilt sikkert, fortalde han engasjert.

NRK sporten blir han heller aldri lei. Men at det ikkje er så mange nynorskbrukarar på Marienlyst, det er heilt sikkert.

– Eg er svært takksam over dei støttespelarane eg har rundt meg i det daglege på jobb, sa han om korleis det er å halde på nynorsken i jobbsamanheng. Vi har òg vore ein gjeng frå Førde som har passa på kvarandre, at vi ikkje begynner å knote, fortalde han om kvifor det er naturleg å vere nynorskbrukar.

– Det er viktig at vi som er nynorskbrukarar er bevisste og ikkje viker unna. Slike prisar som denne eg har fått i dag, er ein viktig signaleffekt. Det gjer at folk får auga opp, sa den glade prisvinnaren om den gjæve prisen.