Det var sol, det var 700 menneske og det var god stemning.

Sunnmøre Baarelag og Dance With A Stranger leverte varene frå scena på Fyrde under Austefjordhelg fredag kveld.

- Det var ein trøytt og nøgd dugnadsgjeng som summerte opp kvelden i natt. Å greie å samle over sju hundre gejster og publikummerar inne i Austefjroden til konsert, det er nesten ikkje til å tru! seier Vibeke Sundal frå styret til Austefjordhelg.

- Alle var utruleg nøgde, både banda og publikum. Det var spesielt, for det er tretti år sidan sist Baarelaget og Dance With A Stranger spelte saman i Volda sist. Så kort oppsummert: Det var ein magisk og strålande kveld!

- I tillegg hadde vi Stian Osdal i Osdal Catering med på laget. Vi har ikkje restaurant her i Austefjordne, så vi måtte lage vår eigen, og Stian stilte opp med god mat. Det var eit strålande opplegg!

Mykje på programmet

Og Austefjordhelga held fram, både laurdag og søndag.

Laurdag er det mange aktørar som skal i aksjon. Bandet Young Eagels frå Kristiansund spelar på scena. Med dei er seksten år gamle Odin Landbakk som vann Norske Talenter i 2015 der han imponerte både publikum og dommarar med gitarspelet sitt.

- Og så har vi folk med frå både kulturskulen i Volda og frå Volda Soulchildren, og vi får besøk av klovnen Fix frå Fosnavåg. Det er rett og slett ei herleg helg! Laurdagskvelden vert avslutta med Bumpy Roads frå Dalsfjorden som skal spele til dans.

Søndag er det utegudsteneste på Kvivssetra på Kalvatn med sal av rømmegraut, kake og kaffi. Det er det saniteten som står bak.

- Og museet her har halde ope og har halde omvisning og laga hoppetau. Det skjer i Austefjorden i helga!