- For eit fantastisk show. For nokre gode ambassadørar de er for ballettskulen vår, helsa primus motor, styreleiar og rektor for Ørsta og Volda Ballettskule etter premieren på showet "Step back in time" på Ørsta kulturhus fredag.

Denne gongen var det 250 dansarar i aksjon, i jazzdans, hip-hop og stepp.

Dansarane tok publikum med tilbake i tid, heilt til Charleston-dansen på 1920-talet, gjennom fleire ulike dansestilar, heilt fram til vår tid, med hip.hop.

Lærar Elizabeth Withall stod for koreografien. Ho kom til Ørsta og Volda Ballettskule i haust, og ifølgje Rekkedal Hill, har ho teke elevane med storm.

- Det trur eg viste att i dansen her på scena i kveld også. Det var mykje danseglede! No reiser Elizabeth tilbake til England, og vi ønskjer henne lykke til med ny jobb der, helsa Rekkedal Hill.

Ho fekk sjølv mykje ros frå styret.

- Du legg ned eit enormt arbeid i dette. Eg trur ikkje folk er klar over kor mykje du, og mannen din Richard, gjer for ballettskulen. De er sjølve definisjonen på eldsjeler, helsa Astrid Bjørdal frå styret.