På vegner av H.M. Kong Harald V var det fylkesmann Lodve Solholm som dekorerte Grepstad.

Grepstad får utnemninga for sin eineståande innsats for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur gjennom fleire tiår. Og som det står i statuttane for St. Olavs Orden: For ein innsats for Noreg og menneskeheita.

Den nasjonale strategen

«Når nynorsken på dei fleste område står sterkare i dag enn på lenge, er det langt på veg eit resultat av eit arbeid som Grepstad i sine mange ulike roller har hatt med å gjere, oftast i leiande posisjonar. Ottar Grepstad er den uomstridde nasjonale strategen i det kunnskapsbaserte arbeidet for nynorsken og den nynorske skrift- og språkkulturen i det moderne Noreg», heiter det i grunngjevinga frå dei fem som gjorde framlegget.

– Du er ein hardtarbeidande mann og eit raust medmenneske, som ser dei rundt deg, sa ein personleg Solholm under overrekkinga.

Mange helsingar

Det var fleire som helsa Grepstad. Det var representantar frå m.a. Nynorsk Kultursentrum, Det Norske Samlaget, dei tilsette ved Aasen-tunet og Noregs Mållag. Alle la vekt på at Grepstad har vore og er ein strateg, og ein arbeidshest.

– Men du sit aldri på din høge hest, helsa Ingrid Opedal på vegner av dei tilsette i Aasen-tunet.

- Å handle er å endre

Det var ein rørt Grepstad som takka alle som hadde medverka under avslutninga på seremonien.

– Å leve er å forstå. Å handle er å endre. For meg er det dette det handlar om, det som ligg under denne heideren bortanfor alle tankar. Alt eg har gjort, har eg gjort fordi nokon har gitt meg lov til det, eller ikkje brydd seg, eller fordi eg brydde meg. Alt som måtte vere oppnådd, er utretta i lag med hundrevis, kanskje tusenvis av enkeltmenneske, sa Grepstad.

Han vedgjekk at han skjøna at han får heideren åleine, og at han ikkje heilt likte det.

– Takk for at de ville meg så vondt, for det gjer faktisk godt, helsa han dei som foreslo utnemninga-

Ottar Grepstad (fødd 1953) frå Jølster har vore direktør i Nynorsk kultursentrum frå 1999 og blir pensjonist hausten 2018. Han var hovudredaktør i Allkunne 2007–2014 og kulturkommentator i Dagens Næringsliv 2008–2011. Grepstad var redaktør i Syn og Segn 1984–88 og forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Samlaget 1980–94. Han var rådsmedlem Norsk kulturråd 2005–2009, styremedlem Språkrådet 2006–2010 og styreleiar same staden 2010–2015. Frå debuten i 1974 med ei artikkelsamling om norsk landbruk har han skrive eller redigert over 40 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk. I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris frå Språkrådet.

Odd Nordstoga var henta inn for å syngje under seremonien. Foto: Rune Sæbønes