«Eg synest det gjekk så fort! Kunne tenkt meg å spele på fleire songar -og eg spelte på tre!»

Dette sa ein fornøgd Petter Krumsvik Aamaas (12) etter konserten. Han spelte slagverk på Aurora «Running With the wolfs», Eminem «Lose yourself» og Sigrid si låt «Don`t kill my vibe».

Kvart semester har Ørsta Kulturskule sett av fem veker til bandsamspel. Elevane vel ut songar, og lærarane organiserer og hjelper til med å legge om undervisninga til gruppeøvingar. Den nye utfordringa for lærarane er korleis ein skal legge til rette og undervise når sjangrane elevane likar er Indiepop, Hip Hop, Techno, Rock og Jazz?

Ved kulturskulen ser ein at det veks fram ei interesse for arbeid med musikk gjennom dataprogram. Ein god start er her gratisversjonar av Garageband som dei fleste kan laste ned på telefon eller nettbrett. Elevar som allereie spelar gitar, piano, tromme kan overføre det dei kan på instrumenta sine til musikkproduksjon på data. Det vart i år laga lydfiler av elevane på nokre Hip Hop songar som ein brukte i samspelet. Trommepad og MIDI keyboard vert då kopla til Laptop og supplerer lydbiletet i samspelet.

Opptekne av lokale heltar

Resultatet av bandøvingane denne våren kunne ein oppleve på Kaihuset si eiga Rockescene onsdag 30. mai. På konserten var det i år eit songutval frå fleire lokale heltar. Nokre av elevane ønskte å framføre ørstingen Egil Olsen si låt «You and I» frå 2007. Fleire ville øve inn songar av Highasakite og Sigrid, som kjem frå Ålesund. Verdskjende artistar som Britney Spears, Ed Sheeran, The Cure, Eminem, Coldplay og Frank Ocean var og representerte.

Etter fleire år med satsing på bandinstrument viste særleg dei eldste elevane ein tryggleik og rutine på scenen. Dette inspirerer dei yngste elevane. Elevane er vande med å sette av dagen til lydprøve og å stille opp for kvarandre i samspelet. Å få vere i lag på tvers av alder er kjekt og det er spennande å høyre kva dei andre framfører.

Totalt var det 14 innslag der 48 elevar var involverte. Publikum fekk på denne konserten sjå fleire band med ung trygg energi og trøkk. Fleire av dei eldste elevane framførte stemningsfulle bandlåtar, der dei verkeleg hadde arbeida med uttrykk og framføring. Kulturskulen vil ha eit nytt samspelsprosjekt til hausten.