Årets nynorskbrukar, generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarseth, skreiv «Spynorsk Mordliste» på nynorskordlista på ungdomsskulen. I dag er nynorsken like naturleg for han som å smørje brødskiva om morgonen.

– Det er ei fantastisk ære og utruleg moro å få ein slik pris, men eg må vedgå at eg blei overraska. Vala eg har gjort i favør nynorsken, ligg mange år tilbake i tid. No er nynorsken ein del av livet. Det er inga bragd å skrive språket som er mitt. Ein får ikkje prisar for å stå opp om morgonen og smørje brødskiva, for å seie det sånn. Det er jo berre noko eg gjer, seier prisvinnar John- Ragnar Aarset til Nynorsk pressekontor. Generalsekretær i Høgre er kåra til Årets nynorskbrukar 2018 av Nynorsk kultursentrum.

For John Ragnar Aarset er slagordet «Dialekt + nynorsk = sant» veldig viktig. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

«Dialekt + nynorsk = sant»

Aarset vaks opp på Geilo i Hallingdal. På barne- og ungdomsskulen hadde han bokmål som hovudmål. Til liks med medelevane sine hadde ikkje Aarset noko medvite forhold til kva skriftspråk han nytta.

– Eg var nok ein av dei som skreiv Spynorsk mordliste på nynorsk ordlista mi, vedgår Aarset.

Då han byrja på gymnaset på Gol, skjedde det derimot noko med haldninga hans til språk og dialekt.

– Geilo er ei bygd der nesten ingen i min generasjon eller yngre snakkar halling-dialekt. Men då vi frå Geilo byrja på gymnaset på Gol, blei vi brått i minoritet. Der var heile Hallingdal samla, og det var mange som snakka dialekt. I tillegg var det eit veldig sterkt målungdomslag på Hallingdal gymnas. Vi kjende at det var vårt ansvar å ta hallingkulturen vidare. Om ikkje vi skulle gjere det, kven skulle då gjere det? Det var nok litt kjepphøgt på eit vis, men det var fint òg, fortel Aarset.

Som eit ledd i å ta hallingkulturen vidare, bestemte Aarset seg for å byte målform.

– Eg ville behalde dialekten og målrørsla hadde eit slagord som sa; «dialekt pluss nynorsk = sant». Eg «kjøpte» den. Først måtte eg trene, så eg bestemte meg for å skrive alle notata mine på nynorsk. Om lag halvvegs i 2. klasse bad eg norsklæraren min om å få byte hovudmål. Sidan har eg ikkje sett meg tilbake.

Positivt å vere nynorskbrukar i Høgre

Aarset har lang fartstid i partiet Høgre. Frå 1998- 2000 var han leiar i Unge Høgre, frå 2001- 2008 hadde han ulike roller i stortingsgruppa til partiet og frå 2015 har han vore generalsekretær. Tradisjonelt sett har ikkje Høgre vore partiet som ber nynorskfana høgst. Det er òg noko av grunnen til at Aarset får prisen.

– Han får prisen for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø, der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Sjølv har Aarset nesten berre positive erfaringar som nynorskbrukar i Høgre.

– Då eg byrja som leiar i Unge Høgre, var alt skriftleg materiell sendt ut frå meg til ungdommen på nynorsk. Eg var veldig spent på korleis det skulle gå, men eg fekk aldri ei negativ tilbakemelding, seier prisvinnaren.

Han trekker fram ein spesiell episode frå tida som Unge Høgre-leiar.

– Eg hugsar godt då leiaren i Bærum Unge Høgre kom inn på kontoret mitt og konfronterte meg med at eg brukte nynorsk. Då var eg sikker på at eg skulle få huda full, men i staden hadde han berre positive ting å seie og oppfordra meg til å halde fram med å skrive nynorsk. Det var veldig moro, minnest Aarset.

Då han blei generalsekretær i Høgre, fekk han derimot sine fyrste negative tilbakemeldingar.

– Eg må vedgå at eg etter mi første masseutsending av e-post som generalsekretær, fekk enkelte negative tilbakemeldingar. Det var frå eldre menn i Nord-Noreg og Oslo. Det var ikkje veldig mange, men det var nokre. Eg får likevel overveldande mange positive tilbakemeldingar, spesielt frå Distrikts-Høgre, strekar generalsekretæren under.

Delt om sidemål

Høgre har fleire gonger tatt til orde for å avskaffe obligatorisk sidemål. Der skil Høgre seg radikalt frå Noregs Mållag som har vore den fremste forkjemparen for å behalde det. Aarset vedgår at han fell mellom to stolar når det gjeld sidemålsdebatten.

– På den eine sida så bør alle lære seg begge målformer. Det ligg kunnskap og ferdigheit i å handtere norsk språk. Det heng høgt og er viktig. Samstundes er det ei erkjenning at mange slit med å lære to skriftspråk og at nynorsken skaffar seg titusenvis av fiendar kvart år fordi elevar blir tvungne til sidemålsundervisning, seier generalsekretæren.

Mellom anna trur Aarset at obligatorisk sidemål kan gjere at nokre grupper blir diskriminert bort frå arbeidslivet.

– Om det skal vere eit krav om at alle skal meistre begge skriftspråk, så har vi ei utfordring ved at dei med fleirkulturell bakgrunn slepp sidemålsundervisning og difor ikkje kan det. Då blir mange med innvandrarbakgrunn diskriminert bort frå delar av arbeidslivet. Det er ei vanskeleg sak, og difor opplever eg at mange i nynorskrørsla unngår den problemstillinga, seier han og legg til:

– Eg tenkjer at vi som jobbar for å fremme nynorsk må fokusere mindre på krav. I staden må vi sjå på det som er fint og flott med nynorsken. Kanskje kan vi byrje å premiere dei som meistrar begge skriftspråk.

Aarset har òg si klare meining om kva han trur blir det viktigaste for nynorsken i framtida.

– Eg er bekymra for stillinga til dialektane og nynorsken. Eg føler at nynorsken blir utfordra i kjerneområda, og det er ikkje bra. I blandingsområda, som til dømes Hallingdal der eg sjølv er frå, høyrer ein nesten ingen unge som pratar dialekt lenger, og det blir færre og færre som skriv nynorsk. Det eg ser som viktigast for nynorsken framover no, er å klore seg fast i kjerneområda og i blandingsområda, avsluttar Aarset.

Fakta Årets nynorskbrukar:

* Årleg pris til personar eller institusjonar som «har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk».

* Blir delt ut av Nynorsk kultursentrum

* Prisen er på 100.000 kroner og eit grafisk blad

* Dette er 19. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar.