Det seier Ann Iren Glimsdal som saman med sambuaren Christian Luijendijk flytta til Barstadvik i fjor sommar. No har dei fått med seg Hogne Barstad, Anders Romestrand, Einar Magne Romestrand og Ingrid Tømmerbakk til å arrangere den første festivalen i bygda på mange år.

– Her er mange bygg som vi kan ta i bruk, her er flott natur med fjella rett bak og sjøen rett ved og eg tenkte at dette er veldig bra plass å gjere yoga og samle folk. Eg lanserte ideen og det var mange som var tende på å få dette til.

Det er mange i bygda som ikkje har gjort yoga før som vil stille opp for festivalen, og det er fleire i festivalstyret som må innrømme at kunnskapen rundt yoga er avgrensa. Men ideen er det mange som vil vere på å realisere.

– Vi har møtt kolossal velvilje i bygda på at det skal skje noko i Barstadvik og at dei vil vere med å bidra. Næringslivet og bedriftene rundt oss har vore veldig flinke til å støtte oss, seier Anders Romestrand.

– Det er mange som opnar opp heimane sine og leiger ut rom til deltakarar, i tillegg til at det er mange som har kome og lurt på kva dei kan hjelpe til med. Eg har mellom anna høyrt at ”eg er ikkje god på yoga, men eg kan å steike sveler”, seier Glimsdal.

Festivalstyret:

Levande bygd

Frå 15.- til 17. Juni blir Sunnmøre yogafestival arrangert for første gang. Programmet er fullpakka frå fredag til søndag. Samlingsstaden og knutepunktet for festivalen vert samfunnshuset Samhald. På grusbana vert det mogleg å parkere bubilar, det blir laga festivalcamp, og festivalen ønsker å bidra og vise fram at Barstadvik er ei levande bygd.

– Det er viktig for oss at folk kjenner at dei er velkomne. Sjølv om nokre kanskje føler at yoga ikkje er noko for dei så vil her skje mykje sosialt gjennom festivalhelga, og spesielt laurdagen. Vi vonar at dette blir ein folkefest og det skal vere eit arrangement som passar for heile familien, seier Glimsdal.

I tillegg til undervisning og timar med mange ulike yogainstruktørar er det lagt opp til fjellturar, natursti, sosialt fellesskap, marknad med lokale varer, intimkonsert i fjøra og dans med Åge Nybø laurdag kveld for å nemne noko.

– Dette er eit alkoholfritt arrangement slik at alle skal kunne ta del i alt på programmet, seier Tømmerbakk.

– Kven er det de vonar legg turen til Barstadvik under festivalen?

– Vi vonar svært mange lokale innanfor pendlaravstand vil ta del. Sidan vi legg opp til mange aktivitetar for born vonar at vi at dette vil vere flott helg for barnefamiliar, seier Romestrand.

Det er Bygdesentralen, Bygdas samfunnshus Samhald og Barstadvik Idrettslag som står som arrangør for Sunnmøre yogafestival. Dei vonar at festivalen kan bli ei årleg hending, men først vonar dei at mange vil ta del i den første utgåva av Sunnmøre yogafestival.

– Det er viktig for oss å formidle at yoga ikkje treng å vere så høgtideleg, og at det er rom for alle. Du treng ikkje å meistre å sitte i lotus for å bli med. Det finns ei yogaform for alle. Det at vi ikkje er sjølvhøgtidlege betyr ikkje at vi lett på yogaprogrammet. Vi har mange veldig dyktige yogalærar med, og har fleire ulike yogaformer på programmet. Det einaste du treng for å kunne nyte godt av yoga er ein kropp som pustar.