For femte året på rad inviterer fotballgruppa i Ørsta IL inn til dansefest med Vassendgutane i mai. I år skjer dette 26. mai i Kiwihallen.

Denne konserten har mest vore ein tradisjon, og der Vassendgutane plar ha med seg gjester. I år er det Terje Tysland med band.

– Det er vi glade over å ha fått til. Terje Tysland er ein av Noreg sine fremste rockarar. Han var står på 1970- og 1980-talet, og så var han nokre år vekke. Men dei siste åra har han vore på scena igjen, og med seg har han dei fremste musikarane i Trøndelag. Folk skal gle seg, for det er litt av eit repertoar Tysland har, seier Aam.

Og Vassendgutane sjølve kjem med eit heilt nytt repertoar. For i samband med konserten vert det plateslepp for plata «Ej og du og metoo». Det vil seie at elleve nye låtar vert presentert.

– Men vi ynskjer ikkje berre å spele elleve nye låtar folk kanskje ikkje kjenner. Difor flettar vi dei inn saman med kjende og kjære vassend-låtar, seier Aam.

Og allereie før plata har kome i handelen, er ho bestseljande i Noreg. For fyrsteopplaget på 5.000 eksemplar har allereie forsvunne ut til butikkar og bensinstasjonar etc.

– Cd-plata er mykje daud som format, likevel opplever vi altså godt sal. Vi har våga oss på eit nytt opplag, på i alt 1.500 eksemplar, fortel Aam.

Det er altså fotballgruppa i Ørsta IL som arrangerer konserten med Vassendgutane og Terje Tysland. Tre hundre frivillige vil vere i sving.

– Alle laga er engasjerte, og har sine oppgåver, fortel Arnstein Sandvik, dagleg leiar i Ørsta IL fotball.

I år har dei ei kinkig utfordring, for konserten kolliderer med finalen i Champions League.

– Vi trur nok dei fleste vil kome på dansen uansett, men for å gje litt ekstrasørvis, har vi storskjerm på klubbhuset for dei som vil sjå kampen, seier Sandvik.

Det får Ernst Brune i Vassendgutane til å mimre.

– På 1980-talet var det annonse i Møre-Nytt om dans på Follestaddalen ungdomshus. Dans i fyrste etasje, og «Dynastiet» i kjellaren.

Det vil verte rigga opp med småbord inne i Kiwihallen, og det vert også leigd telt frå Sæbø IL der folk kan få roe seg ned utanfor sjølve hallen.