Fredag 8. juni blir det to familiearrangement med Silje Sirnes Winje, kjend frå NRK Super og Reiseradioen. I Aasen-tunet og ved Volda bygdetun framfører ho eigne songar, og håpar borna er klare for festsprell saman med henne.

– Vi gler oss til å delta på Dei nynorske festspela. Eg har høyrt mykje godt om denne festivalen og ser fram til å møte mange flotte ungar. Eg håper dei vil syngje, danse og hoppe saman med oss, seier Sirnes Winje i ei pressemelding.

Borna får også mange kjekke bokopplevingar når lesegledar Trond Strand kjem til Volda bygdetun. Laurdag treffer dei han att på Ørsta Stadion på stemne med Ørsta friidrettslag.

Festspelfrukost og arrangementa i sentrum på laurdagen er ein viktig tradisjon for Festspela. På Spinneriet i Volda kan dei minste gle seg til konsert med Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førstad. Dei har gjort stor suksess med forteljinga om knølkvalen Kai. Vi følgjer Kai og mamma gjennom havet, der han møter både ukjende fiskar, sjødyr og farlege spekkhoggarar. Vestrheim er kjend både som musikar og programleiar på mellom anna NRK Super.

I Ørsta sentrum blir det tog frå Amfi til gågata og festspelfrukost med musikkinnslag frå Ørsta mannskor og Ørsta Hornmusikk. Teiknar og illustratør Roar Hagen opnar Kunstgata, der lokale kunstnarar får stille ut bilete i butikkvindauge i gågata.

I samarbeid med Nynorsksenteret blir det forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud på Ørsta folkebibliotek.