– Det er slekta vår som står her framme. Det er ein eigen varme i klangen til desse kora, og eg trur det har med at dei har teke vare på den norske lyden i songen, sa Per Oddvar «Prots» Hildre frå scena i Ørsta kulturhus laurdag kveld.

Saman med Frank Havrøy hadde han gjennomført ti timar med korseminar fredag og laurdag. Over 200 korsongarar frå inn- og utland tok del, også dei færøyske korsongarane.

– Då eg studerte musikk fekk eg lære at eg enten skulle synge som ein italienar eller som ein tyskar. Vi er ein liten kulturnasjon, og i respekt av dei store kulturnasjonane har vi prøvd å bli Noregs svar på ein av dei.

Korseminargruppa under leiing av Prots. Foto: Joachim Åsebø

På Færøyane har dei ikkje hatt Hardingfele og langeleik i folkemusikken, men songen har stått i sentrum.

– Klangen, fargen og lyden har dei teke med seg frå det gamle og fram til i dag. Eg tykkjer det er herleg at noko tørr å bruke den norske lyden. Vi må tørre å vere oss sjølve, tørre å bruke vår eigen lyd. Så skal vi nyte det italienske og tyske fordi det er så flott, men det er ikkje oss, sa Hildre til stor applaus frå salen.

Nordisk korfestival blir arrangert av Foreningen Norden, Ørsta Reiselivslag og Norges Korforbund Sunnmøre. Ideen er fem år gammal. Dei færøyske kora, lokale kor, Hardangerkoret og Kulturmixkoret har teke del i festivalen. Det deltakarane hadde øvd på under korseminara skulle framførast framfor ein nesten fullsett sal i Ørsta kulturhus. Publikum fekk sjølve ta del i konserten frå første nummer, og Hildre og Havrøy dirigerte sine respektive seminargrupper.

På Færøyane har dei ei lang tradisjon med å fortelje historier gjennom song. Ein av songane som koret frå Fuglafjørður framførte handla om den norske vikingkongen Harald Hårfagre.

– Han kom til Færøyane og busette seg der. Derfor er vi overbeviste om at det bur veldig flinke folk i Noreg, vart det forklart før framføringa.

Fuglafjarðar sangkór Foto: Joachim Åsebø

Til slutt i konserten samla Morten Bollerud dei vel 200 deltakarane på scena. Dei ulike gruppene hadde ikkje fått øvd saman og framføringa under konserten vart første gang for det store koret. Med Havrøy som solist vart Nu solen går ned framført og festivalkonserten avslutta.