(Sunnmørsposten): Etter ei hektisk og hjartevarm helg samla eit par hundre seg i lyset av regnbogefargane frå koret i Volda-katedralen søndag kveld.

Konferansier Marit Aklestad sa det slik:

– Det er rørande at kyrkja kan vise den meiner alvor med at døra er høg og porten vid. Eg veit at nokre av dykk som er her i dag vil seie «dette har vi venta på så lengje!». Ein lang veg for aksept og likeverd har endeleg ført fram. De veit kven de er som har brøytt veg og de fortener verkeleg stor takk, helsa konferansieren til rungande applaus.

– Vi har ein fellesskap som slår ring rundt mangfaldet og gjev oss fridom til å leve som dei vi er. Kjærleiken kjenner ingen grenser og Gud set ikkje grenser for kjærleiken, la ho til og gav ordet til sokneprest Kristian Myklebust:

– Eit handtrykk og eit teikn

– Dette og alle andre kyrkjerom har sett mykje. Hit kjem menneske med si største glede, si største sorg, sine liv og si tru. Det er mykje som har vore romma. Likevel er det ikkje alle som har blitt tekne i mot. Ikkje alle har opplevd dette romet som trygt å kome til som seg sjølv, med sitt liv og si tru. Kan hende har dei kjent det slik at ein måtte halde avstand eller late som er ein annan enn den ein er.

– Mitt håp er at denne konserten under Bygdepride kan opplevast som eit handtrykk og eit teikn. Noko som kan uttrykkje at her er ein plass for deg og den du er, la Myklebust til.

– Så er det også slik at kyrkja er ein mangfaldig storleik med ulike meiningar som vert brotne mot kvarandre. Eg står her som representant for denne kyrkja med sitt mangfald og sine til tider motstridande stemmer. Men så er mitt håp likevel at kyrkja kan rome alle som ynskjer det, slik Han som kjem mot oss på altarveggen bak meg her alltid kjem oss i møte med sin kjærleik til sine skapningar.

– Ingen skal lenger måtte flykte for å vere den dei er, og viss eg for lov å leggje til: Ingen skal måtte flykte frå dette rommet for å vere den dei er. Så velkomen til konsert, helsa presten.

Trollbatt publikum

Ei kammerutgåve av symfoniorkesteret sette tonen med «Ut mot havet». Så la konsertmeister Øyvind Skatvedt Robak frå seg fiolinen og trollbatt publikum med bandoneonen i staden. Han er noko så eksotisk som spesialist på latinamerikansk tangospel.

Denne musikken kan femne mest heile kjensleregisteret. Dårlegare vert det ikkje av at utøvaren lagar mykje av det umåteleg vakre repertoaret sjølv.  Skatvedt Robak er visst i sving med å skrive eit komplett tango-rekviem. Kan hende er det ferdig om eit års tid, forstod vi på tonekunstnaren.

All-nynning

Venke Leite har også eit forhold til dette romet, som mykje nytta songar i samtlege kyrkjelege samanhangar. Ho tolka alt frå «Leid milde ljos» til U2 sin «Pride in the name of love» og fekk sanneleg lokka ut litt all-nynning i benkeradene attpå.

Også Leite skriv eigne songar, mellom anna ein heilt fersk avlevert ektemaken ved tiårsdagen deira. Kranglar kan tydelegvis få kreativt utløp når ein er i stand til å be om tilgjeving musikalsk.

Underfundig humor

Det vert sagt om ørstingen Stig Ulv at han får gitarane sine til å snakke. Nynorsk, må vite.

– Eg spelar ofte på stader der dei ikkje skjønar kva eg seier. Austlandet til dømes. Så melodien «Led» måtte omdøypast til «Grind». Men sjå føre dykk eit led, altså, sa han på sitt underfundig humoristisk særmerkte vis, før han i største alvor helsa kyrkjelyden slik:

– Eg håper verkeleg denne helga har opna nokre led som måtte opnast.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.