Ørsting som konge i Herøy

Eirik Risholm Velle får på seg kongekappa i årets «Kongens Ring». – Ein perfekt sommarjobb, seier ørstingen.

Eirik Risholm Velle spelar Kong Olav Haraldson i Herøyspelet i sommar. 

Kultur

Risholm Velle har vore fast gjest søndagskveldane i mange stover den siste tida som Jan Krister Haddal i NRK-serien «Heimebane». I vinter såg mange han som han ein av dei tolv i storfilmen «Den tolvte mann». Og no blir han konge i «Kongens Ring».

Eirik Risholm Velle fortel han såg spelet for mange år sidan, og var tilbake i fjor sommar.

- Då såg eg kor mykje som hadde skjedd med spelet, og så har eg høyrt mykje bra om regissøren, så eg tenkte at sommar heime i Ørsta med Herøyspelet som sommarjobb, det måtte vere supert, seier ørstingen i ei pressemelding.

Han tok kontakt med regissør Gerald Pettersen, og planen om sommarjobb gjekk i boks. Dermed blir det Ørsta-sommar med fjellturar i heimefjell på Eirik. Attåt spel – og sommarens andre store høgdepunkt;  fotball-VM.

Det blir fleire nye fjes å sjå mellom hovudrollene i årets utgave av «Kongens ring» som vert vist 30. juni og 1. juli.