- Vi er kjempenøgde, strålar Marianne Nyland Holen frå arrangøren bak Hjørundfjorddansen,  Sæbø Idrettslag.

Det var god stemning og godt med folk som tok turen fredag kveld.

Rundt 800 personar løyste billett til konserten i sirkusteltet, som idrettslaget har kjøpt frå Cirkus Agora.

Men det var ikkje berre enkelt å stable det på beina. Det hadde også Lothepus, Leif Einar Lothe, fått med seg.

- Her på Sæbø har de ei ubegripeleg dugnadsånd. Dei fleste landsdelar bør misunne dykk. Her ordnar de eit heilt sirkustelt, og så fell det saman, men så stablar de det opp att. Det er imponerande. Og alle vaktene som stiller opp for å gjere kvelden god for så mange. Det er kjempegreier, roste Lothepus frå scena, og la heller ikkje skjul på at han synest det var ei spesiell oppleving å få halde konsert i eit sirkustelt.

Leif Einar Lothe, eller Lothepus, er kjent frå m.a. serien Fjorden Cowboys, men det store gjennombrotet kan vel seiast å vere frå då han var med - og vann - Farmen Kjendis. Han er entreprenør og songar, frå Ullensvang i Hardanger.

- Men synge kan han ikkje. Men for eit liv han lagar. Det er kjempestemning, seier Kristine Østgaard og Emilie Ville.

Det er Katrine Østgaard og Nina Hustad samde i.

- Lothepus likar vi godt. Han er ein herleg type. Musikken kan vi vel seie er "ok". Men mannen er artig. Og så er det kjekt å vere samla saman med vener for ein kjekk fest!

- Han syng flott! skyt ein kar inn frå sidelinja.

- Men det må du skrive med fem smilefjes bak.

Med titlar som "Kjeft gjer ikkje ilt", "Jakusi", "Heimatt til Hardanger" og "Hyllest til dei som ikkje kan seie nei" var det uansett ein konsert heilt nede på jorda, med godt fotfeste i sirkusteltet. Lothepus er den han er - fullt ut.

- Han er ein skikkeleg showmann. Det er difor "alle" likar Lothepus, seier Marianne Nyland Holen.

- Er det nokon som har nachspiel? undra Lothepus frå scena.

Det var det truleg positiv respons på.

Kvelden vart avslutta med Lizz - Lisabeth Brekke Sylthe frå Kvamsøy - også eit høgdepunkt for svært mange av dei som tok turen til Sæbø.