Bygdepride har vorte ein einaste stor folkefest. Først i Volda fredag, med pride-parade, og så i Ørsta laurdag med "fullt hus" i Laguneparken med Musikk i sentrum i samarbeid med Bygdepride.

- Det er ei ære å få vere med å bidra på dette historiske arrangementet, seier Hans Robert Bondhus i Musikk i sentrum.

Dei var enkle å be då Bygdepride lurte på om dei ville vere med og arrangere konsert.

Og artistane var like enkle å be. Pikekysz opna kalaset, etterfølgt av Sunnmøre Baarelag, Jon Olav og Egil Olsen.

Sistnemnde tok turen frå Oslo til Ørsta fredag, for å også få med seg paraden gjennom sentrumsgatene i Volda.

- Eg vart både glad og rørt. Først vart eg litt i stuss, for eg syntest det var så få folk i gatene, eg kom nemleg litt seint. Men så forstod eg at alle var med i paraden. Det var ein parade som aldri tok slutt. Det var fint. Rett og slett fint. Det er det beste ordet å bruke.

Olsen er glad for at Bygdepride har fått så stor oppslutning.

- Det er ei viktig sak. Så er det dei som spør om dette er nødvendig, det å skulle markere seg så veldig. Men dette handlar om så mykje meir enn aksept. Det handlar også om å feire og å vere stolt, difor namnet "pride", sa Olsen.

Og legg til: Det einaste eg sakna i paraden var eit korps som spelte "YMCA". Men elles var dette utruleg bra!