Leif Einar Lothe , eller Lothepus, sit i bandbusen på veg frå Osterøy til Sæbø når Møre-Nytt når ein av landets store rikskjendisar på ein dårleg mobiltelefon. I kveld spelar Lothepus og bandet i eit sirkustelt på Sæbø, tidlegare eigd av Cirkus Agora,  i regi av Hjørundfjorddansen.

- Eg har ikkje spelt på Sæbø før, men det vert moro. Eg kjem til Sæbø med nokre galningar, fortel Lothepus i velkjent stil, og klagar litt over rusten stemme.

Men ikkje verre enn at han vil gi publikum skikkeleg underhaldning.

- Vi kjem til å spele fleire nye låtar, fire i alt, fortel entreprenøren, songaren og den tidlegare Kjendis Farmen-deltakaren frå  Ullensvang i Hardanger.

Når vi spør meir om låtane, gir Lothepus plutseleg telefonen vidare til bandkollega Vidar Berge. Som låtskrivar er det visst han som har mest peiling på dette.

- Hallo hallo, seier Berge.

- Det var desse nye låtane…

- Ja, dei heiter Kjeft gjer ikkje ilt, Jakusi, Heimatt til Hardanger og Hyllest til dei som ikkje kan seie nei, fortel Berge.

Kvar fredag frå 25. mai legg dei ut ei ny låt digitalt.

- Vi skal også lage musikkvideo der vi samlar inn videoar frå fansen og klipper dette saman. Og då har også publikum på Sæbø sjansen til å bidra, seier Berge.

Førehandssalet til dansen i sirkusteltet i kveld har passert over 400 billettar.

- Veret er bra, stemninga er god, campingplassane er fulle og vi håper på eit publikum på tusen personar, seier Øyvind Taklo i arrangørnemnda.

Han gler seg storleg til dansen der mange frivillige på Sæbø er i sving.

Arrangørnemnda lovar topp forhold i sirkusteltet når Lothepus går på scena.