Vokalist, gitarist og låtskrivar Helge Gravvold har tidlegare gitt ut album med pop og viser. Dei siste åra har artisten vendt tilbake til rocken, noko som blant anna har resultert i singlane “Utan filter” og “Djevelsk spetakkel”.

No er Helge Gravvold og bandet hans klare med nytt album. “Ingen andre” kjem ut 1. mai, og inneheld tøff rock and roll, funky pop og vakre balladar.

I 2016 fekk singelen “ Djevelsk spetakkel” bra med speletid blant anna på NRK, og på grunn av stor interesse i Brasil vart det laga ei spesialutgåve av videoen til «Utan filter» med portugisiske undertekster.

På dei åtte nye låtane på albumet “Ingen andre” blir det rocka uttrykket vidareført.

Samtidig er det stor variasjon i musikken og tekstene, frå det rå og harde via det optimistiske og lette til det rolege og tankefulle.

Tekstene er laga av journalist/skribent Bjørn Tore Brøske. 4. mai vert det lanseringskonsert på Rokken.