Urørt-vinnar til Festspela

Nyleg vart Jon Olav Sandal frå Barstadvik kåra til Årets Urørt på NRK P3. Torsdag 7. juni spelar han på Rokken under Dei nynorske festspela.

  Foto: Martin Bremnes

Kultur

– Jon Olav kombinerer politisk brodd med sjarm og høg kvalitet. Vi hadde stor tru på at han kunne vinne Urørt-finalen, og no ser vi fram til ein real fest på heimebane! Samarbeidet med Rokken er svært positivt, og vi vonar dette kan bli ein årleg tradisjon, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Ivar Aasen-tunet.

22-åringen har skapt stort engasjement med låten «Hei Erna», der han leikar seg inn i den politiske miljødebatten. I P3 Urørt var han ein av fire finalistar, og gjekk til slutt heilt til topps under ei direktesending. I grunngivinga trekte juryen mellom anna fram måten Jon Olav kombinerer musikk og politisk engasjement på.


Etter Urørt-sigeren

- No håper eg på spelejobbar

Jon Olav Sandal vert spådd ein lysande karriere etter at han torsdag vann Urørt-finalen i NRK P3.


Dei nynorske festspela blir arrangert frå torsdag 7. til søndag 10. juni 2018 på ulike scener i Ørsta og Volda. Barn, ungdom og vaksne kan sjå fram til om lag 50 arrangement med musikk, litteratur, foredrag, samtalar og utstillingar. Programsleppet for årets festspel finn stad 14. mars. 

Etter Urørt-sigeren

- No håper eg på spelejobbar

Jon Olav Sandal vert spådd ein lysande karriere etter at han torsdag vann Urørt-finalen i NRK P3.