Her er dei norske filmane du kan glede deg til i vår

(NPK:) 13 svært så ulike filmar kjem til å prege den norske filmvåren. 

Det går hardt for seg når Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen sine rollefigurar skal pusse opp eit svært hus.   Foto: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon

Kultur

Først ut er roadmovien «Rett vest», som allereie har køyrt inn til premiere. Med Benjamin Helstad, Iben Akerlie og Ingar Helge Gimle i berande roller, sender regissør Henrik Martin Dahlsbakken oss på eit eventyr – der målet er ein quilting-konkurranse på øya Ona.

- Ingar i ei av sine beste roller nokosinne, seier regissør Henrik Martin Dahlsbakken om innsatsen til Ingar Helge Gimle i feelfoodfilmen "Rett vest".   Foto: Tour de Force

26. januar kjem neste norske film ut: Erik Poppes portrett «Per Fugelli. Siste resept». Dokumentaren blir skildra som eit livsbejaende portrett av «heile landets fastlege».

Debattanten, forfattaren og professoren i sosialmedisin gjekk bort i september i fjor, og Poppe fekk følgje han det siste halvåret.

– Han blei tryggare på å vise den ekte, private sida som kan gi andre noko. Å vise at han ikkje er råsterk heile tida, uttaler Poppe i eit intervju med VG.

Mørkare i mars

Ine Jansen og Ingar Helge Gimle er to gjengangarar denne filmvåren. Her er dei saman med medspelarane i filmen "Los Bando": Stig Henrik Hoff, Jonas Hoff Oftebro, Tiril Marie Høistad Berger og Tage Hogness Jakob Dyrud.  Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

I februar får vi stifte kjennskap til eit ungt rockeband som følgjer draumen når komedien «Los Bando» entrar kinolerreta 16. februar. Med Christian Lo bak regispakane har Jonas Hoff Oftebro fått ein stor rolle.

Norske Byggeklosser er ein av filmane som kjem på kino våren 2018. Frå venstre: Atle Antonsen, Ine Jansen, regissør Arild Frölich, Anne Marit Jacobsen og Anders Baasmo Christiansen.  Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

 

Deretter følgjer «Norske byggeklosser»: Også dette ein komedie, denne gongen om eit par som bokstaveleg talt møter veggen når dei skal renovere eit hus. Ine Jansen, Anne Marit Jacobsen, Atle Antonsen og Anders Baasmo Christiansen har rollene og premieren er 21. februar.

Mørkare blir det med «Now It's Dark», ein film som melder seg 2. mars, ifølgje Norsk filminstitutt. Arild Østin Ommundsen leverer her eit psykologisk drama om Lene – som i kjølvatnet av at mannen er utru, mister fotfestet. I rollene dukkar det opp kjenningar som Silje Salomonsen, Pia Tjelta, Per Kjerstad og Kristoffer Joner.

Teppet går opp for «Haters vogge» 9. mars: Ein dokumentar frå Håvard Bustnes som på originalt vis skildrar innsida av eit høgreekstremistisk parti.

Mars held fram i alvorets teikn, med «Utøya – 22. juli», som får premiere 9. mars. Spelefilmen kjem frå Erik Poppe – som dermed er dobbelt filmaktuell denne våren.

To barnefilmar

16. mars er det klart for ein ny dokumentar: Sofia Haugan er ein nyutdanna filmskapar som med dette har levert ein dokumentar om eit uvanleg og hardt prøvd far-dotterforhold.

Mars er også månaden for barnefilm. 23. mars kjem både «Brillebjørn på bondegarden» og «Operasjon mørkemann». Førstnemnde er det Maiken Marstrander som både har skrevet og regissert, og det handlar blant anna om mot og «fantasimagi».

«Operasjon mørkemann» blir omtalt som «ei spennande Sherlock Holmes-historie for heile familien», med Grethe Bøe i registolen.

Frå Magnus Meyer Arnesen kjem dramaet «Når eg fell». 13. april går teppet opp for historia om Joachim – som er i ferd med å tape kampen mot heroinen. Spørsmålet som blir stilt er «om han klarer å bli den han eigentleg ønsker å vere», heiter det blant anna i pressemateriellet.

Dramaet blir følgt av noko så sjeldan som ein norsk dramakomedie – med sterke western-fargar. Hestane er bytt ut med mopedar, og skodespelarar som Cato Skimten Storengen, Ole Christoffer Ertvaag, Nina Ellen Ødegård og Kristoffer Joner leier an. «Vann over eld» er regissert av Joern Utkilen og får premiere 8. juni.

Sist men ikkje minst merkar vi oss «Benjamin Falck og dødsdolken», med premiere 29. juni. Eventyrfilmen frå Martin Sofiedal (regi og manus) tar oss blant anna med til Mallorca – der det blir jakta på ein eldgammal skatt. I rollene møter vi blant andre Fredrik Skogsrud, Caroline Glomnes og Trond Fausa Aurvåg.

(©NPK)