Marcus Sætre har vore produksjonskoordinator for serien, og hatt ansvar for at alt skal gå rundt gjennom heile innspelinga. Serien vart spelt inn i Tromsø, og portretterer nordlysturismen i byen. Talet på turistar som flokkar til Tromsø for å få et glimt av nordlyset er mangedobla på få år. Jakta på nordlyset har blitt ein millionindustri, og Tromsø har blitt eit moderne Klondike. Ingen andre stadar i Noreg veks turistnæringa så raskt. På 5 år har omsetnaden økt frå 90 millionar, til 500 millionar kroner i året.

Serien vart spelt inn i fjor vinter. Fire kamerateam følgde blant anna Ida tett over fleire månader. Produksjonen har lagt bak seg 90 innspelingsdagar, og har hatt over 30 tilsette i ulike posisjonar. Jobben som produksjonskoordinator er eit tett samarbeid med produksjonsleiar, der Marcus har hatt ansvaret for at alt det praktiske var på plass. Ikkje så rent lite når delar av innspelinga gjekk føre seg i 10 minusgrader og all slags vèr.

– Det var utruleg spennande og lærerikt å jobbe med produksjonen av Jakten på nordlyset. Vi får jo eit fantastisk innblikk i turistbransjen og noko av det som skjer bak kulissane, fortel Marcus.

2. januar har serien premiere på TVNorge.

– Eg gler meg veldig til å sjå serien på TV, då eg berre har sett deler og utsnitt. Folka som vi filma og andre som jobbar i næringa er fantastiske og har ein utruleg driv. Det blir du inspirert av, seier Marcus.

Marcus Vinjevoll Sætre har vore produksjonskoordinator for serien.