Jon Olav Sandal (22) frå Barstadvik har laga ei ny låt der han kjem med eit solid stikk til regjeringa. Musikkvideoen har gått viralt dei siste dagane, og over 130.000 personar har sett filmen.

- No ventar eg eigentleg litt spent på å høyre frå Erna sjølv. Eg håper ho ser videoen, seier Sandal.

Sandal bur for tida i Oslo og satsar på ei musikkarriere. Han går i tillegg på eit årsstudium i psykologi.

Låta starta med ein vag ide med dei to orda "Hei, Erna". Så balla det på seg.

- Eg skjønte etter kvart at der låg meir bak denne ideen. Det er eit stikk til regjeringa og den politikken dei fører. Særleg når det gjeld miljø. Eg har registrert at mange frå Miljøpartiet har delt videoen. Eg hadde aldri trudd at så mange ville sjå han. Det er sjølvsagt kjekt.

I tillegg til å handle om miljøet, kjem låta også med eit lite stikk til musikkbransjen.

- Eg vil ikkje legge meg ut med nokon, men eg meiner at mykje av musikken som vert produsert i dag er veldig overfladisk. Det kan påverke folk negativt. Så det er vel helst ei oppmoding om å tenke litt annleis.

Sandal takkar viktige bidragsytarar for låta og filmen: Edvard Sundquist, Pål Gunnar Dale, Christer Andre Cederberg og Martin Bremnes.

Jon Olav Sandal kjem med eit solid stikk til regjeringa i si nye låt: Hei Erna. Foto: Skjermdump frå musikkvideoen
Hei Erna - av Jon Olav Sandal