No skal bloggar Marna danse for folket

Den utflytte Ørsta-bloggaren Marna Haugen Burøe har mista både matlysta og nattesøvnen etter at ho sa ja til å vere med i det populære TV-programmet «Skal vi danse».

Marna Haugen Burøe frå Ørsta er klar for sveitte og dans i programmet "Skal vi danse".  Foto: Roy-Arne Folkestad

Kultur

- No skal eg trene minst tre timar kvar dag framover. Sommarkroppen 2018 blir kanskje for ein gongs skuld eit faktum dersom eg ikkje rotar det til igjen i jula då, seier Haugen Burøe på heimesida si "Komikerfrue".

Bloggaren skal erstatte bloggar Anna Rasmussen som trekte seg frå det populære underhaldningsprogrammet på TV2.

 Marna skriv at det har vore forferdeleg å halde på hemmelegheita.

- Det må være første gong i heile livet mitt at eg har mista apetitten, SÅ spent har eg vore.

Det er ikke første gongen «Komikerfrue» vert henta inn av TV 2. I vår flytta Haugen Burøe hun inn på «Farmen kjendis»-garden på ein dags varsel.

Haugen Burøe fortel til VG at dansegolvet er utanfor komfortsona hennar, sjølv om ho har dansa både leikarring, folkedans og litt jazzballetttidlegere.  

– Eg er overraskande spent og nervøs.  Eg håper det går over og at eg kan ha det kjempemoro denne hausten, for eg er absolutt med på dette for opplevinga sin skuld, og det er synd å la det verte øydelagt på grunn av nervar, forteller ho til VG.