God stemning på Anker Live

– Dette er utruleg bra!

Anker Live i småbåthamna med Last Rebel, Skapsmak og Mathea Lødemel.

Skapsmak.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Last Rebel.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Skapsmak.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Mathea Lødemel.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

– Det er slik det skal vere. Dette vil vi ha. Det er så utruleg bra!

Kyrre Grimstad var ein av mange som tok turen til småbåthamna i helga. Fredag var han der som publikum då Musikk i sentrum arrangerte Anker Live, der fleire lokale band og artistar fekk scenetid. Last Rebels, Mathea Lødemel og Skapsmak spelte, medan DJ Danny spelte musikk ut i dei seine nattetimar. Laurdag var Grimstad til stades saman med Sunnmøre Baarelag, då det var duka til dans i regi av småbåtlaget.  Listen to the band spelte også.

Arrangementet var i samband med Naturfestivalen og Saudehornet rett opp.

– Det er dette vi vil ha, seier Grimstad.

– Ei scene der lokale artistar får vise seg fram. Kjempebra!