Rotlaus feira gullplate i Ålesund

Ørstingane i rockebandet Rotlaus feira laurdag den nyleg tildelte gullplata med konsert under Båtfestivalen i Ålesund.

Gullplate: Rotlaus sin singel «Byjenta» er tildelt gullplata, og bandet fekk overrekt gullplata under konserten dei spelte på Båtfestivalen i Ålesund i helga. Vokalist Bjørn-Marius Øyehaug fortel til Sunnmørsposten at dei er takknemlege for alt dei har opplevd sidan dei starta for berre to år sidan.   Foto: Morten Hjertø

Kultur

(Sunnmørsposten) – Sjølv om vi ikkje har tenkt så mykje på gullplata, er det likevel uverkeleg å tenke på at låtane ein har skrive heime på guterommet i Ørsta no har blitt allemannseige, og noko som folk syng med på. Det er jo noko alle drøymer om, seier vokalist Bjørn-Marius Øyehaug til Sunnmørsposten.

Bandet får gullplata for singelen «Byjenta», som handlar om ei jente som flytta til bygda og som fall pladask for ein av gutane der.