Allsong på Svendsen

7. juni er det duka for allsong i Svendsengarden.

Svendsengarden: Fru Svendsens Venner inviterer til hagefest med allsong i Svensengarden 7. juni. Frå venstre Hilde Flotve Mo, Liv Krøvel Myklebust, Ruth Visnes, Pauline Vinjevoll, Alette Eriksen, Anne Elin Brautaset, Gry Løvold og Beate Mork.  Foto: privat

Jubileum: Svendsengarden fyller i år 150 år.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Kultur

Fru Svendsens Venner sin sommarfest er denne gongen tileigna Svendsengarden som i år fyller 150 år. Og dette vil vennegjengen markere med å invitere lokale song- og musikkrefter som stiller opp gratis for å synge og spele, og for å vere med på allsong.

– Inntekta frå kvelden vil gå til restaurering av hagen i Svendsengarden. Vi satsar på flott ver, slik at vi kan ha hageselskap med kaker og kaffi, og mykje song og musikk, seier Alette Eriksen og Ruth Visnes i Fru Svendsens Venner.

Dei er to av åtte faste i vennegjengen som gjennom fleire år har bidrege kulturelt og sosialt for Svendsengarden, og fylt den ærverdige garden med arrangement mange set pris på. Ein gong i månaden brukar vennegjengen å arrangere kveldskafe i garden. Besøkstala varierer. Rekorden kom den kvelden det vart skipa til Jakob Sande-kveld. Då kom det over hundre personar til Svendsengarden, og så fullt var det at folk nesten måtte sitje på borda.

– Vi har stor variasjon i programma, og prøver også å løfte fram unge musikarar. Ved å arrangere kveldskafear ønskjer vi å skape liv i Svendsengaraden også utanom kafeen si vanlege opningstid. Vi trur drifta vår har gjort at fleire har vorte merksame på den verdien Svendsengarden har, seier Eriksen og Visnes.

Jubileumsår

Kvar sommar arrangerer Fru Svendsens Venner ein sommarfest, og når det handlar om eit jubileumsår meiner kvinnene i venneforeininga at det er på sin plass at festen no vert tileigna Svendsengarden.

– Vi har flotte og dyktige musikalske gjestene for kvelden: Lionskoret, Christoffer Jensen, Maria Hovdenakk og Torgrim Skjerdal, Arne Otto Myklebust og Venche Vartdal Leite, fortel Eriksen og Visnes.

Seinare i år skal Ørsta kommune markere 150 årsjubileet for Svendsengarden som tidlegare heitte Vik. Kveghandlaren Webjørn Svendsen Raunsgard frå Hallingdal kjøpte garden i 1805. Garden strekte seg heilt frå Morkabrua til kyrkja, som følgde med i handelen. Webjørn Svendsen d.y. og kona Laura bygde Svendsengarden slik vi kjenner bygningane, i 1867. Dette var det første huset i sveitserstil på Sunnmøre.

Arvingane til Svendsengarden gav garden til Mellestiftinga Svendsengarden i 1983. Svendsengarden vart utpeika til Ørsta kommune sin Tusenårsstad i 1999. I mai 2003 var første høgda ferdig restaurert og kafeen Fru Svendsen kom i drift.