- Har sett varige spor etter seg

Torsdag fekk Jostein O. Mo tildelt kulturprisen for 2016.

Jostein O. Mo fekk tildelt kulturprisen for 2016 under kommunestyremøtet torsdag 8. desember. Her poserer han ved kontordøra si, der han har samla mange motiverande utklipp gjennom åra.   Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

- Jostein O. Mo er ein kulturformidlar med stor entusiasme, kunnskap og iderikdom. Som forfattar, bilderedaktør og samlar ønskjer han å dele og formidle, og skaper stort engasjement blant lesarar og tilhøyrarar, står det i grunngjevinga, som vart lest opp av ordførar Stein Aam under kommunestyretmøtet torsdag.

Jostein O. Mo har vore tilsettt for å leie og medverke til å utvikle kultur i Ørsta kommune i 35 år. Samstundes har han hatt verv i frivillig organisasjonsliv, mellom anna som leiar i Møre og Romsdal idrettskrets i 20 år, og utvalsmedlem i idrettsforbundet i 20 år.