Det Ålesundsbaserte tribute-bandet Brothers in Arms har gjort stor suksess på dei scenene dei har besøkt hittil, og vi er glade for at dei no tek turen til Ørsta for å spele for oss i Ørsta kulturhus, skriv kulturhuset i ei pressemelding.

«Brothers In Arms - a Tribute to Dire Straits» vart danna i 2007 av sju særs rutinerte musikarkompisar frå Ålesund og Brattvåg (inkludert eit par innflytta nordlendingar og ein norsk-amerikanar.)

Det heile starta i det små med ein årleg konsert på Teaterfabrikken i Ålesund, men med raskt aukande popularitet vart dei ganske fort nøydde til å utvide til to-tre årlege konserter på Teaterfabrikken, i tillegg til fleire andre konsertar rundt om i distriktet.Dire Straits, med låtskrivar, gitarist og vokalist Mark Knopfler i spissen, leverte tidlaus musikk av høg kvalitet med utgjevingane sine frå slutten av 70-talet til byrjinga av 90-talet.

Brothers In Arms handplukkar dei beste låtane frå heile Dire Straits-katalogen, og sidan det er veldig mange å ta av, vil repertoaret variere litt frå konsert til konsert, men dei største klassikarane er alltid med.