Topp ti på VG-lista for Rotlaus

Rotlaus si debutplate «Bygderamp» var den tiande mest selde plata i Noreg førre veke.

10.-plass på VG-lista: Debutplata til Ørsta-bandet Rotlaus, Bygderamp, er på 10.-plass på VG-lista si oversikt over mest selde album. 

Kultur

I midten av mars hadde Rotlaus plateslepp i Ørsta. To gonger var det fullt hus på Norrøna, og det var trongt om plassen under familiekonserten på Amfi. Etter platesleppet har mange speleoppdrag venta for Rotlaus, og dei fekk seg ei overrasking då VG-lista si oversikt over mest selde album for veke 14 vart offentleggjort. Bygderamp debuterte på albumlista med ein 10.-plass.

– Midt mellom store artistar som Kanye West, Justin Bieber og Avicii finn du eit lite band frå Sunnmøre, nemleg Rotlaus. Tusen takk til alle som følger med oss, utan dokke hadde det ikkje vore mogleg å halde på, skriv bandet på Facebook-sida si.

Dermed held den gode starten fram for Rotlaus, og bandet er booka til å spele på fleire festivalar i tida framover.

Rotlaus består av Bjørn Marius Øyehaug (gitar/vokal), Levi André Leite (bass), Simen Rebbestad (gitar/fele), Simen Bjørdal (trommer) og Vegard Hansen (trekkspel).

LES OGSÅ: Rotlaus spelte til familiekonsert