– Vi er klare for Vinje-senteret

– Nynorsk kultursentrum er klar til å lage Vinje-senteret i nært samarbeid med innbyggjarar, fagmiljø og styresmakter, seier styreleiar Lodve Solholm.

Vinjesenteret: Perspektivskisse for korleis Vinjesenteret skal sjå ut.illustrasjon: Hille Strandskogen arkitekter 

Kultur

Måndag la Nynorsk kultursentrum fram ein prosjektplan på 300 sider om Vinje-senteret som eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for dikting og journalistikk, plassert ved E134 midt mellom Bergen og Oslo.

Vinje-senteret blir på 700 kvadratmeter inkludert fellesareal med Vinjar samfunnshus som ligg vegg i vegg. Senteret fyller hovudetasjen i nedlagde Vinje skule, som får ein ny kontorfløy og tre små utstikkarar.

– Det blir ein framifrå stad å vere og ein ny grunn til å bu i Vinje, stoppe der, bli verande lenger, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Litteraturdagane i Vinje ønskjer å bli ein del av Vinje-senteret, styra i Vest-Telemark Museum og Nynorsk kultursentrum har alt drøfta ei skisse til samarbeidsavtale, og Nynorsk kultursentrum kan ta over forvaltningsansvaret for Vinjestoga frå 2018.

Til planen har 20 personar i og utanfor posisjonar skrive korte meldingar om kva dei meiner om eller ventar seg av Vinje-senteret. Blant desse er ambassadør Astrid Versto, forfattaren Agnes Ravatn og tidlegare ordførar Arne Vinje.