Volda-studentar til OL

26 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda er på plass på Lillehammer for å dekke ungdoms-OL.

Klare: Volda-studentar klare til avreise til ungdoms-OL. foto: høgskulen i Volda 

Eg har veldig høge forventningar til Ungdoms-OL

Siri Husby Fiskum
Kultur

26 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda er på plass på Lillehammer for å dekke ungdoms-OL.

Dei 10 studentar frå Volda skal hjelpe Olympic Broadcasting Services (OBS) og organisasjonskomiteen for ungdoms-OL. Det skriv Høgskulen i Volda på nettstaden sin.

Studentane skal vere med på  medieproduksjonen under arrangementet.

– Det seier mykje om respekten journalistutdanninga i Volda har, og jobben tidlegare studentar har gjort. Eg meiner Volda er det beste du får innan journalistutdanning no, og det er vel også derfor vi er her, seier journaliststudent Pål Solheimsnes til hivolda.no. Han stod bak eit av kameraa under opningsseremonien.

Det var Pål Gordon Nilsen, kommunikasjonssjef for Ungdoms-OL, som tok kontakt med journalistutdanninga ved HVO for rundt eit år sidan. Han har sjølv studert journalistikk i Volda og er eit kjent ansikt frå sportsendingar på NRK.

– Då han var her og la fram planane for Ungdoms-OL for eit år sidan, fortalte han at Volda har eit godt rykte i Medie-Noreg og at det var heilt naturleg for han å kome til oss når dei hadde bruk for journaliststudentar, fortel Linda Eikrem, høgskulelærar ved HVO.

Det er andreårsstudentar som reiser til ungdoms-OL. Mange av studentane som deltek på Lillehammer, arbeidde på ein liknande måte under VM på ski i Falun i fjor.

– Eg har veldig høge forventningar til Ungdoms-OL og det vi får vere med på. Vi er kanskje litt bortskjemde frå Falun i fjor. Det var heilt vilt og kjempeartig. Då hadde eg mellom anna ansvar for eit studiokamera som filma medaljeseremoniane, fortel journaliststudent Siri Husby Fiskum til hivolda.no.

No skal Husby Fiskum vere ein del av eit team som skal intervjue utøvarane og lage saker om dei. Då er ho ilag med profesjonelle folk i OBS som har mykje erfaring med dette.

Journaliststudentar frå Volda deltok også under produksjonen av verdscuprenna i skiflyging i Vikersunde sist helg. Dei skal også delta under VM i skiskyting i Holmenkollen frå 3. til 13. mars.

– Det er mykje spennande som skjer for studentane våre denne vinteren. Vi er stolt over det og er sikker på at dei vil ha godt utbytte av det, seier ei nøgd Eikrem til nettstaden til skulen.