– Aasen hadde snudd seg i grava

Fjord1 sette inn ferja «Ivar Aasen» på sambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella 30. desember. Observante trafikantar fekk ferjekaffien i halsen då dei oppdaga bokmålsskilt på «Nynorsk-ferja».

MF Ivar Aasen: Byggeår: 1997, PBE: 79, Passasjerkapasitet: 192.Foto: Fjord1 

Kultur

Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette. Ferjepassasjer Bjarte Løland seier at han er forbausa over at ein del av skilta på ferja som skal heidre nynorskens far, er på bokmål. Det står mellom anna: «Døren må holdes lukket» og «Kast ikke tørkepapir i toalettet».

– Dette trur eg har vore ein glipp. Det var mykje som viste at Ivar Aasen skulle prege ferja, og nokre skilt var faktisk på nynorsk. Men det var altså ikkje konsekvent, seier Løland til NRK, og legg til at han trur Ivar Aasen truleg ville ha snudd seg i grava om han visste dette.Til alt overmål heldt Vik mållag kakefest då ferja vart sett inn i sambandet.

Jens Brekke i mållaget seier at dei den dagen var så opptekne med kaka at dei ikkje fekk med seg at det var skilt på bokmål på ferja.

– Eigentleg ville det ha forundra meg om alt var på nynorsk, men eg meiner at Fjord1 burde ha halde seg konsekvent til nynorsk, iallfall på «Ivar Aasen». Men han er nøgd med at det er hengt opp Ivar Aasen-sitat i salongen.