Ballettskulen kjem med våren

Vårshowet til Ørsta og Volda ballettskule komande helg på kulturhuset opnar med ”Vårsymfoni”, ein hyllest til denne vakre årstida. Alle dansarane innan klassisk ballett skal danse til musikken Årstidene av A. Vivaldi.

I den store skogen finnst det både dvergar og gruvearbeidarar. 

New Articles

Skulen har kjøpt inn nydelege tu-tu kjolar i mange flotte fargar frå England. Kostymeansvarlege har så dekorert med blomar. Dette vert flott. Balsam for hjarte, auge, kropp og sjel. Renata har koreografien og Jiri lyssetjinga. Vakrare vert det ikkje.

Verdspremiere med Prinsessa og dvergane

Renata har lenge hatt lyst å sette opp denne boka som opphavleg heiter ”The Princess and The Goblin” av George MacDonald, frå Skotland. Boka kom i 1872 og var då den fyrste fantasiforteljinga mynta på born. MacDonald yngste at born skulle få tilgang på gode historie som fengde dei, litteraturen for born skulle takst på alvor. Mellom anna reiste han ein del i Amerika og samarbeidde der med Mark Twain. Prinsessa og dvergane har vore sett opp som klassisk ballett i Canada og USA, men dette vert fyrste gongen forteljinga vert sett opp som samtidsdans. Til å lage koreografien til denne dansen, henta ballettskulen inn den kjende skotske koreografen Andy Howitt, han har vakse opp med ”The Princess and The Goblin”.

Feirar Ivar Aasen og Språkåret

MacDonald har hatt same betydning for utviklinga av det skotske språket og kulturen som Ivar Aasen hadde her. Dei levde og virka på same tid. Ballettskulen er kjende for å vere grensesprengjande og å ta nye uttrykksformer i bruk innan dans, difor måtte dette verte vår måte å feire Ivar Aasen og Språkåret på. For dansarar, er dans det ultimate språket.

Kostyma er designa og sydde av Jiri Nagy. Han vil også stå for scenografien og lyssetjinga. Dansarane i Prinsessa og dvergane er dei eldste contemporarydansarane i ballettskulen. Dei hadde tre dagar workshop med Andy Howitt i januar, etter den tid er det Renata med støtte frå Jiri som har ført framsyninga vidare fram til førpremiere under vårshowet. Seinare skal den settast opp i Aasentunet.

Mytologi

Alle contemporarydansarane skal danse Mytologi. Her vil publikum verte med på ei reise inn in norsk mytologi og vikingtid sett gjennom augo til kunstnarparet Renata og Jiri. Koreografien er ved Renata, Jiri har designa kostyma og sydd dei, i tillegg har han laga videoprojeksjonen som er scenografien under denne dansen. Ei oppmoding til publikum, ver årvaken, her er det mykje symbolikk, men for all del, la deg rive med.