Paul Kristian startar gravferdsbyrå i Volda

Paul Kristian Hovden startar om nokre veker Hovden gravferdsbyrå i Volda.

Paul Kristian Hovden startar i slutten av august Hovden gravferdsbyrå i Halkjelsgata i Volda. 

New Articles

Han satsar dermed på å bryte gravferdsmonopolet som er i Ørsta og Volda. Området har til no berre hatt eitt gravferdsbyrå.

I eit tomt forretningslokale i Halkjelsgata i Volda skal han dei komande vekene legge ned mykje tid og ressursar på å etablere sitt nye gravferdsbyrå.

Hovden har ti års røynsle frå gravferdsbyrå. Tidlegare har han arbeidd hos Ørsta Volda gravferdsbyrå på Ose i Ørsta. Dei siste åra har han arbeidd i Ørsta kommune, men har no sagt opp stillinga si der for å satse for seg sjølv.

– Eg var komen til eit vegskilje der eg måtte ta stilling til kva eg skal arbeide med vidare. Det har vore ein draum å få til noko slikt som dette, seier Hovden.

Hovden presiserer at han har hatt ei god tid i kommunen.

– Eg vart teken godt i mot, og hadde gode kollegaer og eit humørfylt arbeidsfellesskap. Eg har hatt ein god arbeidsplass der, og fekk også eit godt innsyn i kommunal drift.

Kundane sine ønskje

På gravferdsbyrået vil han tilby dei fleste tenestene og ordningane ein vil ha bruk for i samband med ei gravferd. Hovden er klar på at kundane sine ønskje er viktige når dei skal ta farvel med sine kjære.

– Eg vil ikkje presse folk inn i eit ferdig opplegg. Det er opp til kvar einskild å bestemme kva ein vil ha innanfor dei rammene som fins innan liturgival, kontakt med prest og organist, gravferdsstad, blomar og anna. Eg kan også ta meg av ein del praktiske og byråkratiske ting som ikkje alle er så godt kjend med. Folk på Sunnmøre er vande med å takle det meste sjølv, men er samstundes glade for å få hjelp, seier Hovden.

– Eit trygt og godt tilbod

Siste veka i august opnar han altså dørene og tek i mot folk som treng hjelp med det praktiske rundt ei gravferd.

– Eg kan forstå at folk synest det er rart ein ønskjer velkomen til eit gravferdsbyrå. Sjølv i vår moderne tid er det mange som tenkjer dei aldri frå bruk for det. Men det er jo slik at livet ein gong tek slutt for oss alle, og då ønskjer eg folk velkomen hit. Eg vil byggje opp eit trygt og godt tilbod som eg håper folk er nøgde med, seier han.

Driv åleine

I første omgang skal Paul Kristian drive Hovden gravferdsbyrå åleine, men han har folk i bakhand som skal assistere når det er behov for det.