Saudehornet rett opp som planlagt

Sjølv om det er ein del snø på Saudehornet går motbakkeløpet som planlagt laurdag. 

New Articles

I avisa har det siste tida vore skrive om snøen i fjella, og om snøen på Saudehornet ville vere til problem for motbakkeløpet som er arrangert laurdag.  No kan arrangørane stadfeste at motbakkeløpet Saudehornet rett opp vil gå som normalt, utan endringar.

Liv i gata

Siri Dahl melde førre veke at det var mangel på frivillige til gratis frukost i Vikegata, som tradisjonen tru vert arrangert same dag som motbakkeløpet. No har frivillige meldt seg, og frukosten vil også gå som planlagt.

Tussa vil setje opp storskjerm med direkte overføring av løpet både i gågata og i hamna.

– Ikkje alle har høve til å sjå motbakkeløpet på nært hald. Vi håper mange møter opp i teltet i småbåthamna eller i Vikegata, seier Siri Dahl.