Vartdal på grasrottoppen

Innan idrett er det Vartdal Turn og Idrettslag som fekk mest grasrotmidlar i Ørsta i 2014.

Vartdal Turn og Idrettslag, her representert ved a-laget som rykka opp frå 5. divisjon i fjor, fekk 88.208 kroner i grasrotmidlar i 2014. Dette er nest mest i Ørsta etter Ørsta Røde Kors som fekk 93.492 kroner i grasrotmidlar. (Arkivfoto) 

New Articles

Gjennom 158 givarar fekk Vartdal Turn og Idrettslag inn 88.208 kroner i grasrotmidlar i 2014. Dette er mest av laga innan idrett, og nest mest midlar etter Ørsta Røde Kors, 93.492 kroner, i Ørsta. Ørsta Idrettslag med 70.317 kroner, og Hovdebygda Idrettslag med 69.557 kroner kjem på dei to neste plassane på lista. Totalt vart det gitt 663.597 kroner i grasrotmidlar til organisasjonar og lag i Ørsta kommune i fjor.

Fotball på topp i Volda

I Volda er Volda Turn og Idrottslag Fotball som fekk mest grasrotmidlar i 2014. 215 givarar har sikra klubben 68.711 kroner i grasrotmidlar. Dalsfjorden fotballklubb følgjer etter med 39.023 kroner med Vestsida Idrettslag, 33.126 kroner, og Volda handballklubb, 32.209 kroner, på plassane bak.

357 millionar kroner i grasrotmidlar

På landsbasis har det vorte generert rundt 357 millionar kroner gjennom Grasrotandelen. Det er Norsk Tipping som står bak grasrotdelen, og folk bestemmer kva slags lag eller foreining som får fem prosent av speleinnsatsen. Sidan 2009 har 898.000 av Norsk Tipping sine kundar valt sin grasrotmottakar. I Volda kommune er det totalt gitt 399.162 kroner i grasrotmidlar til lag og organisasjonar.

Grasrottoppen i Ørsta

1. Ørsta Røde Kors 93.492 kr

2. Vartdal Turn og Idrettslag 88.208 kr

3. Ørsta Idrettslag 70.317 kr

4. Hovdebygda Idrettslag 69.557 kr

5. Volda og Ørsta ballettskule 39.928 kr

6. Åmdal Idrottslag 31.659 kr

7. Sæbø Idrettslag 31.379 kr

8. Urke Grendelag 28.611 kr

9. Vartdalsstranda generasjonskorps 22.237 kr

10. Eitrefjell Telemarkklubb 17.768 kr

Grasrottoppen i Volda

1. VTI fotball 68.711 kr

2. Dalsfjorden fotballklubb 39.023 kr

3. Vestsida idrettslag 33.126 kr

4. Volda handball 32.209 kr

5. Volda Røde Kors 21.154 kr

6. Mork Idrettslag 20.620 kr

7. Lauvstad skulekorps 18.761 kr

8. Volda Golfklubb 17.317 kr

9. Volda skulekorps 15.835 kr

10. Volda Sanitetslag 10.069 kr