Gir likevel tommel opp for hyttebygging her

NVE gir klarsignal for hyttebygging på Masdal. 

New Articles

NVE trekker motsegn til detaljregulering for hytteområde på Masdal.

Det går fram av eit brev til Ørsta kommune.

Kommunen har bede NVE trekke motsegn på grunnlag av vurderingar og oppdatering av føresegner som er gjort etter offentleg ettersyn av planframlegget for hyttene.

Bakgrunnen for NVE si motsegn har vore manglande avklaring av potensiale for områdeskred av kvikkleire.

- NVE har etter at motsegna vart fremja hatt dialog og møte med Ørsta kommune om krav til undersøkingar og vurderingar for å svare ut motsegna. ERA Geo har utført grunnundersøkingar. Dei vurderer at områdestabiliteten er tilfredsstillande. Basert på undersøkingane som er gjort vurderer fagkunnig at det ikkje er fare for områdeskred av kvikkleire, og at eventuelle lokale stabilitetsutfordringar kan løysast.

Dette skriver NVE sine folk til kommunen.

Det er Erling Masdal som står bak hytteprosjektet.