Margrete frå Ørsta ny advokat i NHO

Margrethe Brautaset  Foto: NHO Møre og Romsdal

New Articles

Margrethe Brautaset (36) er tilsett som ny advokat ved NHO sitt regionkontor i Møre og Romsdal. Der skal ho ha ansvar for å følge opp arbeidsrettslege spørsmål, tariff, kursverksemd og andre juridiske servicefunksjoner overfor NHO sine medlemsbedrifter, heiter det i ei pressemelding.

- Margrethe var ferdig utdanna jurist i 2010, og har fleire års erfaring som advokatfullmektig / advokat i Oslo. Hun flytta heim til Sunnmøre saman med familien sin i 2017, og er no busett i Ørsta. Dei siste åra har ho arbeidd som dommarfullmektig ved Møre og Romsdal tingrett, går det fram av pressemeldinga.

Brautaset overtek stillinga etter advokat Sturla Dalhaug som går over i privat praksis. Ho startar i stillinga som regionadvokat i august / september.