Los-siglas til Volda

Gamle Oksøy kjem til Volda komande fredag, 18. juni.  Foto: Jan Robert Jore

New Articles

Losen feirar 300 år i teneste og markerer med ein jubileumssiglas der Volda er ein av stoppestadane.

Dette går fram av ei pressemelding.

Jubileumssiglasen med museumsfartøyet Gamle Oksøy skal innom 35 hamner langs kysten. Også Fosnavåg og Ålesund er mellom stoppestadene. Til Volda kjem dei 18. juni.

- Rundt 300 losar jobbar for å gjere siglinga langs kysten vår trygg, 24 timer i døgnet – heile året. Det har losar gjort i 300 år. No skal lostenesta sitt 300-årsjubileum, LOS300, markerast med ei tokt langs norskekysten i juni og august. Ferda starta i Vardø 29. mai, og totalt 35 hamner langs kysten får besøk av LOS300-toktet, før siste stopp vert Øygarden utanfor Bergen 30. august, heiter det i ei pressemelding.

I Volda vert det «open båt», og duoen Duoen Fliflet og Burgess «held konsert med salte songar og kuling i kasta».

Det vert også losutstilling, og losforedrag om losstasjonen på Runde på 1800-talet. Og så får skuleborn møte ein ekte los.

Det kjem også helsing frå kystdirektøren. Alt er gratis.

- Inne i båten er det berre 10 personar om gongen grunna smittevernreglar. Det er gjort ei rekkje andre tiltak for at det skal vere trygt å besøke jubileumsutstillinga om bord, heiter det i pressemeldinga.