Lars Olav frå Liadal ny president i Tekna

Lars Olav Grøvik er ny president i Tekna.  Foto: Tekna

New Articles

Den utflytte ørstingen Lars Olav Grøvik vart i helga valt til ny president i Tekna.

Valet vart gjort på foreininga sitt representantskapsmøte 13. juni. Grøvik avløyser Lise Lyngsnes Randeberg, som har leia Tekna sidan 2013.

Dette går fram av ei pressemelding.

- Dette er ei stor ære. Som nyvalt president tek eg over ein veldriven organisasjon som er ein av dei raskast veksande i Noreg, seier Grøvik.

Liadal

Lars Olav Grøvik kjem frå Liadal og bur i Bergen. Han har gjennom fleire år vore hovudtillitsvalt for Tekna i Equinor, styremedlem i Tekna Privat og leiar av Tekna Olje og Gass. Han har lang erfaring frå tillitsvaltarbeid, og har mange gonger representert Tekna overfor tilsynsmyndigheiter og i høyringar på Stortinget. Han har også hatt andre styreverv i frivillige organisasjonar, ifølgje pressemeldinga.

Grøvik er utdanna innan geologi, med tilleggsutdanning i leiing og samfunnsøkonomi. Han jobbar til dagleg som Advisor Data Management hos Equinor i Bergen.

- Tekna er og skal vere ei relevant foreining for medlemmene våre, med gode tenester og solid støtte som fagforeining. Som fagleg foreining har vi utvikla oss til å verte ein betydeleg nettverksarena og kompetanseleverandør. Berre sidan nyttår har meir enn 80 000 delteke på Tekna sine digitale arrangement, konferansar og kurs, seier Grøvik, ifølgje pressemeldinga.

Grøvik tek over etter Lise Lyngsnes Randeberg. Ho har hatt vervet som president i åtte år og vore ei sterk samfunnsstemme i ein periode med høg medlemsvekst og stor omstilling, heiter det i pressemeldinga.

Tekna organiserer medlemmer som har ei mastergrad innan teknologi, realfag eller naturvitskap. Tekna er den største fagforeninga i Akademikerne.