Mette fortel om matsvinn

Den tidlegare Volda-studenten Mette fortel om matsvinn.  Foto: Privat

New Articles

Matsvinn er temaet når Mette Nygård Havre kjem til Volda 10. mars. Foredraget på Rokken er gratis og eit samarbeid mellom SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden og X2 Festivalen.

Den tidlegare Volda-studenten Mette Nygård Havre leiar folkebevegelsen @spisoppmaten med nærmare 100 000 følgjarar i sosiale medium. Målet er å gjere Noreg til matreddarar.

Mette jobba tidlegare i avfallsbransjen der såg ho med eigne auge kor mykje spisbar mat som blei kasta. Ho brukar no sin kunnskap til å reise rundt i landet og inspirere folk til å bli meir bevisste forbrukarar med hovudvekt på matredding.

Ho gav ut bok om temaet i fjor, har vunne fleire miljøprisar og bidreg til å motivere oss til positiv endring. Ifølgje Mette er matredding bra for både miljø og lommebok.