My Kitchen i Volda

Lovar meir liv og røre og underhaldning

Gina Liang og Odd Kåre Fløtre vil skape meir liv på My Kitchen.  Foto: Privat

New Articles

Restauranten My Kitchen i Volda har sidan dei opninga sist mai ligge lavt når det gjeld underhaldning frå den romslege scena. Dette vil vi no endre på, lovar Gina Liang og Odd Kåre Fløtre. Sistnemnde blir underhaldningsansvarleg på utestaden, som har søkt Volda kommune om konseptendring.

Fløtre fortel at verken kommunen eller huseigar har noko å seie på dette, så lenge dei eksisterande lover og reglar vert følgde.

-Og det er god lyd som er vesentleg, ikkje høg lyd, understrekar Fløtre.

Saman med Gard Glomnes vil han ein gong i månaden arrangere karaoke-fest, med oppstart no i februar. Det vert fem runder fram til juni, der det vil verte kåra samanlagtvinnarar i tillegg til at det vert kåra ein vinnar for kvar runde. QUIZ

I februar er det også oppstart av QUIZ, som blir arrangert annankvar torsdag i ti runder framover. Her er det også premiar å hente i samandraget i tillegg til premie for kvar runde.

Ein og annan DJ-kveld vert det også, men både Liang og Fløtre poengterer at det ikkje skal verte "tut og køyr" kvar helg. Dette av respekt for dei som bur i bygget, samt at kundane som føretrekk å gå ut for å snakke med folk i rolige omgjevnader, også skal få sitt.

-Vi jobbar no med å kartlegge kva datoar som kan vere aktuelle for arrangement i større eller mindre grad. Vi må også passe litt på at det i størst mogleg grad ikkje vil kollidere med andre store arrangement i nær-regionen. Konkurranse er sunt det, men samarbeid er endå betre, seier Liang og Fløtre.