Kvangarsnes held fram som leiar i Volda Venstre

Volda Venstre-leiar Hogne Kvangarsnes.  Foto: Volda Venstre.

New Articles

Hogne Kvangarsnes vart på årsmøtet i Volda Venstre attvald som leiar i laget. Med seg i styret har han Brynhild Lund Notøy som nestleiar, Idar Flo og Hege Anett Nygård Seljeset som styremedlemmer, og Håkon Ragnar Hagen som kasserar. Varafolk til styret er Sindre Furland og Hjalmar Eiksund. Den nye valnemnda er samansett av Hallvard Bjørneset og Norunn Holmøy-Wang.