Møte om verdfulle jordbrukslandskap i Hjørundfjorden

Verdfulle jordbrukslandskap i Hjørundfjorden er tema for fire møte.  Foto: Arkiv

New Articles

Ørsta kommune arrangerer opne møte på Sæbø, Standaleidet, Urke og Bjørke om verdfulle jordbrukslandskap. Grunneigarar er hovudmålgruppa, men møta er opne for alle. Møta vert haldne 20. og 21. januar.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei nasjonal satsing for å ta vare på eit representativt utval av verdfulle norske jordbrukslandskap. Satsinga har som mål å ta vare på variasjonen i jordbrukets kulturlandskap, og å ta vare på biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Grunnleggande for val av område er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med svært store biologiske - og kulturhistoriske verdiar, der det er realistisk å få til langsiktig skjøtsel og drift i områda.

I 2018 vart Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta kommune innlemma i ordninga. Frå nyttår er Bjørke som mange nok har fått med seg overført til Volda kommune, men framleis del av ordninga.

Det er løyvd statlege midlar til finansiering av tiltak som skal sikre at dei utvalde kulturlandskapa vert oppretthaldne. For å verte tildelt midlar er det ein føresetnad at det vert utarbeidd ein forvaltningsplan for området. Planen skal syne kva tiltak som vert prioritert i høve tildeling av midlar frå tilskotsordninga. Kommunen sjølv, lag/organisasjonar og grunneigarar i UKL-området kan søke om tilskot.

I samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal Ørsta kommune utarbeide forvaltningsplanen for UKL-området Hjørundfjorden og Norangsdalen. OSE as i Ørsta er engasjert som konsulent for arbeidet.

Møtestader er grendehuset på Urke, Sagafjord hotell på Sæbø, Alpehytta på Standaleidet og Haukly på Bjørke.